I Glasgow blir det å shoppe nesten litt obligatorisk. Det er tross alt ein veldig bra shopping-by. Så det var rett og slett ikkje anna å gjere, enn å få unna nokre timar i alle dei butikkane som er her.
Lunsj må ein ha, og her ser ein fine Linda innta den.
Litt sightseeing fekk me dog også gjennomført, til tross for voldsomme regnbyger og nesten litt storm. Skal sjølvsagt ikkje klage, etter det véret som har vore heime, men litt strevsomt var det då her med. Her foran Glasgow University. Eit obligatorisk stopp (uansett vér).
Linda og Sven les ivrig, på veg opp til Hunterian museum.
Her er me på "A play, a pint and a pie", på Oran Mor i West end. Veldig kjekt. Eit teaterstykke med mykje god musikk som vart vist denne veka. Vel verdt ein tur.
Her er Linda og Kyla. Me tok oss ein tur innom Lykke, som feira bursdagen sin. Veldig koselig, og kjekt at Linda fekk møtt nokre av dei eg er eindel med her borte.
Var eindel betre vér på søndagen (les: knall blå himmel og full sol), så tok oss ein runde nede langs elva. Byen viser seg frå ei heilt anna side med ein gong sola skinner litt.
Eit bilde ved frukost-bordet. Veldig koselig.
Til slutt kjem då adventsstaken vår. Sidan det var fyrste sundag i advent.. På eine sida kan ein vel seie det er litt kjedelig me kun har 3 flasker.. medan ein på andre sidan kan seie det er fint me ikkje har drukket så mykje vin :)
Hadde uansett ei kjempefin helg med Linda på besøk, og gleder meg til å sjå henne meir når eg drar heim i neste veke :) I morgon drar Sven til Oslo, og skal vera til torsdag. Han skal på intervju til DNV (Det Norske Veritas), så håpar det går fint. Eg skal site att i leiligheita og sture.. eller lese til eksamen eg skal ha i neste veke. Alt etter som. Snakkes!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar