Våre store planar om fleire dagar i fjellet, vart nedgravd i grusen då værmeldingane viste "severe weather" med snøstorm og veldig kaldt.. Var nok ikkje så gale som dei skulle ha det til, men me tenkte det var dumt å legge ut på tur med slike vèrutsikter. Så me leigde oss bil i nokre dagar, og farta rundt omkring i Skottland:
.jpg) |
Fyrste stopp var koselege Stirling. Nokon som ser Liv Nyborg i dette biletet eller? :)
|
 |
Så gjekk turen til St. Andrews der me var ei natt. Ein veldig fin by. Her foran katedralen.
|
 |
På tur langs stranda i St. Andrews.
|
 |
| Litt turar vart det også. |
 |
Her i Inverness.
|
 |
| Ein litt vindskeiv Sven? |
 |
Iskaldt.
|
 |
| På whisky-destilleri i Keith. |
 |
| På fossevandring ved Loch Ness. |
 |
| Siste dagen var me å såg på Falkirk wheel, som binder saman dei to kanalane som går mellom Glasgow og Edinburgh. Interessant igrunn, her ser ein to båtar som skiftar mellom kanalane. |
Ein veldig fin påske-tur sjølv om den ikkje gjekk heilt som opprinneleg planlagt. Håpar også alle heime har kost seg i påsken. No er me i gang med ein siste innsats her borte, og gleder oss til å kome heim att om ein månads tid :)