onsdag 2. mai 2012

onsdag 25. april 2012

Søndagsidyll.


Litt bilete frå vår sykkeltur på søndag. Ein veldig fin tur i nydeleg vèr. Skal seies at 9,5 mil på sykkelsetet kjentes godt dagen etterpå. Men det var lett verdt det.



Fornøgd og glad.
Lunch på ein benk langs stien.
På "sykkelvegen". Me fulgte denne heile vegen.
Noko humpete og gjørmete, men det gjekk bra.

Idyll langs kanalen.








søndag 22. april 2012

Sykkeltur til Edinburgh

Idag har vi begitt oss ut på en sykkeltur. Turen går til Edinburgh langs en kanal, så det er flatt og fint. Været er vi også ganske heldige med.


søndag 15. april 2012

Søndagsfrokost

God morgen!


Vi starter en flott søndag med en god frokost med egg og signe's hjemmelagede rundstykker. Ha en flott dag:-)


onsdag 11. april 2012

P.S.

Vart litt kjapt det forrige innlegget der kanskje, så gløymte heilt å nemne at me også har hatt folk på middag og ete store mengder påskelam, og leita etter påskeegg "canadian style", veldig kjekt! Har også fått vore litt turistar i Glasgow, noko som jo er greit sidan me reiser herifrå snart. Lesemotivasjonen er ikkje heilt på topp for tida, men no bærer det attende til bøkene!

Påske.


Våre store planar om fleire dagar i fjellet, vart nedgravd i grusen då værmeldingane viste "severe weather" med snøstorm og veldig kaldt.. Var nok ikkje så gale som dei skulle ha det til, men me tenkte det var dumt å legge ut på tur med slike vèrutsikter. Så me leigde oss bil i nokre dagar, og farta rundt omkring i Skottland:

Fyrste stopp var koselege Stirling. Nokon som ser  Liv Nyborg i  dette biletet eller? :)


Så gjekk turen til St. Andrews der me var ei natt. Ein veldig fin by. Her foran katedralen.
På tur langs stranda i St. Andrews.





Litt turar vart det også. 
Her i Inverness.

Ein litt vindskeiv Sven? 

Iskaldt.
På whisky-destilleri i Keith. 
På fossevandring ved Loch Ness. 
Siste dagen var me å såg på Falkirk wheel, som binder saman dei to kanalane som går  mellom Glasgow og Edinburgh. Interessant igrunn, her ser ein to båtar som skiftar mellom kanalane. 


Ein veldig fin påske-tur sjølv om den ikkje gjekk heilt som opprinneleg planlagt. Håpar også alle heime har kost seg i påsken. No er me i gang med ein siste innsats her borte, og gleder oss til å kome heim att om ein månads tid :) 

onsdag 28. mars 2012

A walk in the park.

For tida er det nettopp slik det er her, a walk in the park... eller 5. Vart plutseleg utruleg fint vér her, og då må ein nesten nyte det, til tross for eksamenslesing og generell lesing for min del. Har hatt ei utruleg fin veke, som byrja med besøk av Ida og Øystein. Dei kom onsdagskveld, og var til laurdag. Det var kjekke dagar med sightseeing og guiding rundt i byen, god mat, litt shopping og ikkje minst, veldig kjekke folk. Så her kjem litt bilete for å skildre nokre fine dagar. Ser no at det var dårleg bilettaking for min del, menmen :)

Her er me på veg til West End på torsdagen. Ein nydeleg dag, og då finnes det ikkje noko betre å gjere enn å berre rusle rundt....


Gjerne etterfulgt av ein øl ute...





Me koste oss veldig med mykje god mat. Her er tidenes gourmét-tapas, diska saman av meg og Ida.



Litt shopping er obligatorisk når ein er i Glasgow. Sjølv om det er kjekt, kan det lett ta knekken på dei fleiste.




På tur langs elva. Følte sjølv dette vart eit veldig kult "siluett-bilete", men ser no at det vart gjerne ikkje det. Men motivet er dog bra :)


Her er me utanfor Transport museum, som er teikna av ein av dei mest anerkjende kvinnelege arkitektane. Hugser sjølvklart ikkje noko namn... Er veldig gøy å ha med seg arkitekt-Ida rundt om kring, lærer mykje om byen eg ikkje visste :)


Her veit eg ikkje heilt kva som skjer med vinklinga... men får uansett sett litt av dette stilige bygget.



Det blir aldri kjedelig med så kjekke folk :)



Til slutt litt bilete frå Kelvingrove park, der eg hadde lunch med Yngvild igår. Kan det verte betre?























Ellers prøvde eg meg også på akt-teikning igår. Det er eit uformelt kurs der ein berre kan møte opp og delta. I tillegg er det inne på ein pub. Så eg tenkte at dette måtte då vere heilt midt i blinken, øl og nakne folk. Men så flott vart det ikkje, for viser seg at det i tillegg er ein fordel å kunne teikne.. i alle fall litt... Var lettare frustrert då eg gjekk heim, er ikkje heilt det store å ikkje få det til. Skulle gjerne lagt ut nokre resultat frå mitt artistiske infall, men trur det er best å la vere..

Ser det vart veldig mykje om mitt tilvære her no. Sven har det fint han óg, er midt i siste innspurt i eksamens-fasen, der han har siste eksamen fredag. Han gleder seg til å verte ferdig med dei, og så skal me ha litt feire saman i neste veke :)

Håpar alt er fint heime :)