For tida er det nettopp slik det er her, a walk in the park... eller 5. Vart plutseleg utruleg fint vér her, og då må ein nesten nyte det, til tross for eksamenslesing og generell lesing for min del. Har hatt ei utruleg fin veke, som byrja med besøk av Ida og Øystein. Dei kom onsdagskveld, og var til laurdag. Det var kjekke dagar med sightseeing og guiding rundt i byen, god mat, litt shopping og ikkje minst, veldig kjekke folk. Så her kjem litt bilete for å skildre nokre fine dagar. Ser no at det var dårleg bilettaking for min del, menmen :)
Her er me på veg til West End på torsdagen. Ein nydeleg dag, og då finnes det ikkje noko betre å gjere enn å berre rusle rundt....
Gjerne etterfulgt av ein øl ute...
Me koste oss veldig med mykje god mat. Her er tidenes gourmét-tapas, diska saman av meg og Ida.
Litt shopping er obligatorisk når ein er i Glasgow. Sjølv om det er kjekt, kan det lett ta knekken på dei fleiste.
På tur langs elva. Følte sjølv dette vart eit veldig kult "siluett-bilete", men ser no at det vart gjerne ikkje det. Men motivet er dog bra :)
Her er me utanfor Transport museum, som er teikna av ein av dei mest anerkjende kvinnelege arkitektane. Hugser sjølvklart ikkje noko namn... Er veldig gøy å ha med seg arkitekt-Ida rundt om kring, lærer mykje om byen eg ikkje visste :)
Her veit eg ikkje heilt kva som skjer med vinklinga... men får uansett sett litt av dette stilige bygget.
Det blir aldri kjedelig med så kjekke folk :)
Til slutt litt bilete frå Kelvingrove park, der eg hadde lunch med Yngvild igår. Kan det verte betre?
Ellers prøvde eg meg også på akt-teikning igår. Det er eit uformelt kurs der ein berre kan møte opp og delta. I tillegg er det inne på ein pub. Så eg tenkte at dette måtte då vere heilt midt i blinken, øl og nakne folk. Men så flott vart det ikkje, for viser seg at det i tillegg er ein fordel å kunne teikne.. i alle fall litt... Var lettare frustrert då eg gjekk heim, er ikkje heilt det store å ikkje få det til. Skulle gjerne lagt ut nokre resultat frå mitt artistiske infall, men trur det er best å la vere..
Ser det vart veldig mykje om mitt tilvære her no. Sven har det fint han óg, er midt i siste innspurt i eksamens-fasen, der han har siste eksamen fredag. Han gleder seg til å verte ferdig med dei, og så skal me ha litt feire saman i neste veke :)
Håpar alt er fint heime :)
So kjekt å komme inn på bloggen, å lese om kor bra dåkke he de :)
SvarSlettMarita
Hei. Får vel seie ditto ;) Me har det veldig fint ja, men blir godt å kome attende til Bergen no :) Klem
SvarSlettVi hadde en super tur! har dere hatt en fin påsk?
SvarSlettHei. Så bra, var så kjekt å ha dåke her! :) Me har hatt ein fin påske ja, sjølv om det hadde nok vore fint å gått på ski heime. Håpar også dåke har kost dåke. Snakkes snart, snupp!
SvarSlett