fredag 16. mars 2012

Heime.

Eg er faktisk heime på Stord ein liten snartur denne veka. Dette i forbinding med ei veileiing eg skulle ha i Bergen på tysdag. Så no nyter eg livets glade dagar i regnet her på Stord... nokon som sa vår? Uansett utruleg koseleg å vera heime, er noko med å kome vekk frå eksos og bylarm i Glasgow, merker ikkje kor godt det gjer før ein får ein pause, og alltid kjekt å vere heime på Stord :)
Ellers merker eg at eg faktisk ser fram til å kome til Bergen att snart, sakner både familie og vener. Eg har i same slengen her ordna leiligheit for sommaren (leige i fyrste omgang) og jobb på Sandviken sjukehus. Jobben er gjerne ikkje i samanheng med heimreise då.. menmen, veldig kjekt! :)
Så no skal helga ringes inn med oppgåveskriving og engelsk litteratur-lesing, kan det verte betre?
God helg til alle :)

2 kommentarer:

  1. Veldig kjekt å ha deg heime, Signe! Det er ikke bare du som gleder deg til at dere kommer "heim" (til Bergen) igjen. Det skal bli topp :-)

    SvarSlett
  2. Ja, blir så absolutt fint å kome tilbake :)

    SvarSlett