torsdag 10. november 2011

Besøk!

Heihei.
Litt sein oppdatering frå helga her, då eg har gjennomført ei totalrenovering av macen, og har teke litt tid før eg har funnet ut av alt dette nye. Hadde ei utruleg kjekke helg, med besøk frå austlandet, av Jorunn og Ingvild. Veldig koselig indeed. Byrja litt sånn over stokk og stein, då eg heilt hadde missforstått kva dag dei kom (hadde fått tydeleg beskjed og alt, hadde berre ikkje fått det heilt med meg). Så då Jorunn ringte torsdagen, og sa dei var på toget frå Edinburgh, og i Glasgow om 40 min, vart eg litt satt ut. Men etter ekstremt effektive 30 min, var leiligheiten klar for besøkande :)

Fredagen gjekk i litt obligatorisk shopping, sidan det tross alt er tidenes shoppingby og litt sightseeing. På laurdagen vart det meir å sjå seg rundt. Og synes absolutt denne nokså grå industri-byen viste seg frå si beste side, med knall blå himmel og strålande sol.
Lunch på Willow tea rooms i buchanan street. Følte oss veldig britiske med 3-etasjers smørbrød-og-kake-brett :)












Jorunn og Ingvild under dei fine lysa utanfor Goma. Litt tidleg å pynte til jul, men nett desse lysa er ganske fine. 

På veg opp til Lighthouse for å få litt utsikt over byen. 

Utsikt over byen. 


Fint bilete av fine jenter på toppen av Lighthouse.


Filmsjåing om Art Noveu. Noko usikker på skrivemåten der, men ein skjøner teikninga. 













University of Glasgow. Noko skeive bilete ser eg no, men det får heller vera. Eit utruleg flott bygg, på eit veldig fint område, men full skue over Kelvingrove park. 

Fortsatt utanfor universitetet. Fine haustfargar er det enda. 


Nok eit mat-bilete, men denne gangen frå frukost på søndagen, før jentene drog avgårde med toget igjen. Skikkeleg skotsk frukost. 



Til slutt eit bilete frå parken, der meg og Sven tok ein tur litt seinare på søndagen. Før den lite hyggelige cup-finalen. 

Som ein kan sjå, har det vore ei utruleg kjekk helg. Fekk inntrykk av at besøket også koste seg, så veldig vellykka. Ein kan også sjå at flotte guida turar, der byens beste sider vert framvist, er i vente, om ein kjem på besøk hertil :) 

Ellers var me på Ane Brun konsert igår, noko som var utruleg bra. Veldig spesielt med ein så stor artist heime, i eit lite lokale i Glasgow. Absolutt ei oppleving. Ha ein vidare flott dag, alle saman. Og gratulerer med dagen til min kjære Marlene. Klem

2 kommentarer:

  1. Vi hadde en super fin helg sammen med dere :) takk for gjestfrihet ! Hilse Svenn og si at jeg har kjøpt whiskey som han anbefalte! Takk for oss :)

    SvarSlett
  2. Hei! Så bra dåke koste dåke, synes også det var utruleg kjekt å ha dåke på besøk! Hehe, så bra du fekk kjøpt whiskeyen. Har ein vore i Skotland, så har ein vore i Skotland ;)

    SvarSlett