Her er frå Ayr, ein by nokre timar sør for Glasgow. Kanskje ikkje det mest interessante bilete, men dog. Det er det eldste huset i mils omkrins, bygd på 13/1400-talet ein gong trur eg det var.
Her er me på ei strand ikkje så langt unna Stranraer. Ganske øde, nokså kaldt, men veldig fint. Så då vart det sjølvutløysar. Det er ei stor bukt, som inntil for nokre år sidan vart brukt til noko prøvebombing. Så på kartet er heile området merka "danger sone", noko me fann veldig spanande, så måtte jo ta turen.
Her er eit slott me kom over undervegs, som heiter Threave. Det ligg langs elva Dee, ikkje så langt unna Dumfries.
Nokre hindringa for å kome til dette slottet, blant anna ein liten flom i stien.
Fine haustfargar er det fortsatt, til tross for seint november.
Det var tidenes kart me hadde fått tak i over England. Lite populært når eg skulle brette ut dette her i bilen kan du seie...
Sven som gjer eit lite hopp foran festningen i Carlisle.
Fortsatt på tur i Carlisle. Noko typisk turist-bilete gjerne, men vart så søtt at eg måtte nesten ta det med.
Her er me kome fram til York. Forøvrig ein utruleg fin by, der me koste oss masse frå søndag til tysdag, før me køyrte heim att.
På museum. York Caste Museum.
Litt vandring rundt i overpynta julegater. Koselig er det likevel.
Del av slottet i York.
Vandring på muren, som fortsatt omkransar nesten heile bykjerna.
York Minster. Ein heilt enorm katedral. Det andre bilete er av meg som beundrar taket inne. Heise flott.
Sven på veg ned gjennom dei trange små trappene frå eine tårnet.
Kake blir det alltid tid til. Sånn er det berre.
Signe ved rattet på veg heim. Måtte nesten dokumentere at eg køyrte litt eg óg. Var meget skummelt igrunn å køyre på vesntresida. Fyrste gang vart eg så stressa at eg gløymte eg måtte gire. Men det gjekk fint. Kompromisset vart Signe på dei små landevegane, og Sven på dei store, som motorvegen. Veldig greit.
Tåkehav.
Så der var ganske mange bilete. Ikkje alle like interessante, eg ser den. Men tida gjekk no litt, så no skal eg snart plukke opp Linda, på den stasjonen ho enn hamnar på. Me skal kose oss masse i helga, og håpar dåke gjer det same. Eg har forresten prøvd å ordne litt på dei kommentar-instillingane, men ser at det kun går å kommentere av og til. Skikkeleg dumt, men håpar dåke får det til innimellom.
God helg!
Nydelige bilder, blir misunnelig når jeg ser sånne flotte høstfarger- her er alle blader på trærne blåst vekk!
SvarSlettHei. Mamma? Tusen takk, me hadde ein kjempefin tur :) Gleder meg forresten til å sjå dåke alle heime i neste veke! Stor klem
SvarSlett