Heihei.
Veit eg har sagt det før, men eg seier det igjen: Å vera kjærast med ein ingeiør kjem ofte godt med. Har jo tidlegare skrytt av Svens vindus-tettings-eigenskaper, men denne guten kan fleire lure ting. Eg har jo nemnt tidlegare den TV-en me fann nede ved bosset, som virka så fint, og me kunne ikkje skjøne kvifor nokon kunne kaste den. Så klart det var ein grunn for det, og eg, litt små-pessimistisk som eg er av og til, var litt rett heile greiene skulle sprenge. Men den slutta rett og slett å sku seg på. Er ikkje det at me ser så innmari mykje på TV, men når ein fyrst har ein så flott ein, som ein har fått opp på veggen og alt, er det dog litt utgjort... Så me skur den opp (ja, på dette tidspunkt var det faktisk me), og finn problemet. Nokre blå greier som hadde utvida seg. Ikkje bra seier Sven. Eg seier meg berre einig for å ikkje virke heilt dum. Så han ned på jernvarebutikk og kjøper nokre delar (4 sånne små blå ting), og fikser heile saken med nokre smelte-verktøy. Så no virker den att :)
Merker jo at Sven gjerne skulle vore her no medan eg skriv dette, for lyser vel klårt gjennom at eg veit ikkje heilt kva eg snakkar om. Men meget avansert var det, så utan tvil.
Litt info frå nettet er alltid lurt. Det eg synes var mest morosamt i denne situasjon, var at Sven insisterte på å sitje ved sidan av TV-en i sofaen.. ser det ikkje så godt her, men var veldig liten plass :)
Slik ser det ut inni. Litt lite innhald i ein så stor tig synes no eg.
Menmen, nok om dette. Vart gjerne litt mykje, men må jo få skryte litt berre. Eller går det mykje i skule for tida. Eg har brukt veka på ei oppgåve eg nett har levert, og Sven er svært flink student og sit mykje på skulen.
No må eg springe avgårde, skal faktisk spele konsert med Concer Bandet mitt. Hjelpe meg. Men det blir kjekt, er ganske casual i grunn, der me skal spele for nokre avgangselevar på skulen. Ha ei god helg alle saman! Me leker litt med tanken på ein ny ekskursjon av eit slag. Får sjå kva det blir til :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar