onsdag 12. oktober 2011

Solgt leiligheit.

Då var leiligheita i Helgeplasset solgt. Etter eindel tviling og frustrasjon dukka det endeleg opp ei interessert dame. Så no er leiligheita solgt. Litt vemodig, ja... men bra er det. Godt å få det ut av verda.

Vart sitjande å sjå på nokre bilete av leiligheita, og synes jo det er litt trist å ikkje ha den lengre (sjølv om det teknisk sett var Sven sin), men blir veldig kjekt å kome attende til Bergen og kjøpe noko saman. Så no står me litt friare.
Neste skritt er no ei lita feiring av salget. Alltid greit med ein grunn til å feire litt, og no er grunnen ganske god!


Eg har hatt besøk av Kyla i føremiddag. Det er ei kjekk jente frå Canada. Me var fyrst på Yoga på treningssenteret (beinhardt.. eg trudde yoga var avslappande greier, men dette var vanskeleg og svært tungt... eller kanskje det er formen min som er litt slakk...) før me gjekk til meg for kaffi. Litt belønning må ein ha etter slikt hardkjør.


Her er ellers eit bilete av den ultimate "vindustesten" etter at ingeniør-Sven har teitta alle vindauga i leiligheita. Og dei stod! Lyset fortsatte å brenne, heller ingen flakking. Så no er det godt og varmt her.

Ellers er no Sven på skulen, medan eg bedriver dagane med yoga og kaffi. Neida.. får lest eindel. Sit mykje i leiligheita og les, noko som kan verte litt stusselig, så igår tok eg etter ei stund med meg bøkene på Starbucksen frå i fjor. (Møtte forresten han eine som jobbar der, som helste på meg på gata.. om ikkje det kan kvalifiseres som stamkunde, så veit ikkje eg). Der sat eg då å las medan eit par sat å kontinuerleg kyssa bak meg, medan eit par på sida av meg dreiv å slo opp. Ganske interessant igrunn, litt trist også.. men det var til det beste. Eg kunne ikkje skjøne kva dei sa,  så det vart mest teikntolking. Eg tolka meg fram til at det var ho som hadde vore utro, og ville han skulle tilgi henne. Han prøvde så godt han kunne (i 3 timar), men det vart utilgiveleg... så dei slo opp. Likså greit spør du meg. Så det vart gjerne ikkje så mykje lesing på Signe, men sidan det var semiotikk eg las om (teiknlære), så fekk eg no litt praksis i det minste. Er det ikkje forresten litt merkeleg korleis alle desse folka skal utbrodere liva sine på Starbucks?

Ha ein vidare god dag alle saman! Håpar alt er bra heime :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar