Og så var det helg igjen. Dagane flyr avgårde, og for min del har veka gått stort sett i lesing og trening. Har begynt å kome litt meir inn i lesinga mi, noko som så absolutt var på tide. Begynte forresten óg i Concert Bandet som eg såvidt var innom ifjor, men måtte jo då slutte grunna jobben. Så no sit eg der igjen med fløyta mi, og mimer så bra eg kan, på bakerste benk. Neida, speler faktisk eindel innimellom :) Sven har fine dagar på skulen, ikkje i nærheita av slik det var forrige haust. Så han har då i tillegg via eindel frustrajon til leiligheita.... er nemleg eindel merkelege greier her. Til dømes var alle vindauga limt igjen med silikon (!) rundt heile... Nok for å isolere, men likevel, det får jo vera grenser. Elendig isolering uansett, stearinlysa blafrar i trekken, så Sven har kjøpt tetningslister.
Her ser dåke guten i full gang. Slik er det å leve med ein ingeniør.. men eg klagar ikkje, no skal leiligheita verte varmare :) Og så, berre for å nemne det.. etter desse bileta vart teke, sat me opp ei dør, oppdaga store fuktskadar under belegget på badet, fiksa steikeomnen og lappa eit gulv. Effektivt. Eg skal kanskje ikkje seie me, slik sat nemleg Signe medan leiligheita blir teke hand om:
Neida.. Eg er no med å hjelper til så godt eg kan. Uansett er det oppgåve som vert skriven på dette bilete. Berre så det er sagt :)
Kjekt å sjå at dåkke he de bra! He veldig lyst å besøke dåkke igjen! :)
SvarSlettStor klem frå Sunnmøre ;)
Hei! Ja, her har me det veldig fint, var godt å kome tilbake igrunn :) Hadde vore så kjekt om dåke kom! Ha ein vidare fin søndag, hels Aleks, og litle gullet med ;)
SvarSlettKjekt igjen å følge bloggen! Fin leilighet og den røde sofaen passa fint inn i interiøret!
SvarSlettHei! Kjekt å høyre. Er lettare å skrive når ein veit det er folk som les :) Hehe, ja.. den lyste no i alle fall godt opp :) Masse lukke til i helga! Heier på deg! :)
SvarSlett