I dette nydelege véret fann eg ut at det var på sin plass å gå, tek rundt 1 times tid, og er ein fin tur gjennom parken.
Nydelege haustfargar har begynt å kome. Ganske mykje seinare enn heime i Noreg, men fint er det.
Og her er meg. I sola på ein benk i parken. Herleg.
Det er utruleg mange tamme ekorn rundt omkring. Kanskje ikkje tamme, men som ender i dammen heime. Her går ein heller i parken og mater ekorna.
Susanne. Fyrst på teateret med paien, og sidan ved elva. Me gjekk i botanisk hage, og langsmed elva før me gjekk attende til sentrum. Ein flott dag å vera så lenge ute på.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar