Det var Sven som fekk oss trygt ut av byen. Var nok ikkje heilt enkelt med denne venstrekøyringa, eg for min del haldt meg langt unna rattet. Men god var han, og me var on the road! (Litt høgreside vart det nok når me skulle ut av nokon av kryssa, men retta oss fort opp at).
Eit lite inntrykk av landskapet frå fyrste dagen. Forøvrig ei veldig fin tid å dra på tur, med flotte haustfargar all the way. Fyrste dagen måtte me berre nyte tida det var lyst (les: fyrste timen...) Hadde nemleg ikkje rekna med det skulle verte så tidleg mørkt. Men det var no ei erfaring det med, godt merka vegar.
Ein bra gjeng å dra på tur med. God stemning.
Signe foran gliset. Ein Peugot-eit-eller-anna-modell.
Fyrste dagen kom me oss til Fort William, ein relativt koselig, sånn middels stor by. Men me var godt nøgde, etter nokre timar i mørket var det greit å kome fram ein plass, få oss litt mat og ein plass å sove. På laurdagen kom me fyrst til eit nokså kjent slott, Eilean Donan Castle. Veldig flott var det, sjølv om det me såg var gjennoppbyggjinga frå tidleg 1900-talet, så innehaldt det eindel interessant historie.
Ulike funksjonar må prøves ut. Her er det autentiske slottet frå sin mest aktive periode, 1300-talet ein gong, med masse kriging og greier. Eller berre i svart/kvitt.
Ikkje heilt det store véret på laurdagen. Men som Bergenserar fleist, var Sven kledd for anledninga.
Erlend er kartlesar, medan Olav køyrer.
Veldig flott landskap på Isle of Skye.
Det var også klart at ein ikkje kunne køyre forbi det kjente Whiskey-destilleriet til Talisker. Det var jublande gutar då me kom fram dertil.
Var ein veldig interessant tour me hadde, der me fulgte whiskey-laginga frå korn, til utskiljing, blanding med vatn, gjæring, destilleringsprosessen, og til slutt lagringa i tønnene. Dei på bilete her er faktisk frå 1979, og skal opnes i 2013.
Eindel handling vart det då også. Temmeleg mykje Whiskey.
Signe, derimot, er stornøgd med enorme mengder sjokolade.
Fint på Isle of Skye.
Litt sliten kan ein verte i baksetet.
Det var ei veldig kjekk helg, me fekk sett masse, og hadde det gøy. Venstrekøyringa kom seg etterkvart, og det var ingen problem på vegen. Kan absolutt gjentas!
|
Så kjekt med masse fine bilete! Fekk lyst på sjokolade..
SvarSlettHehe :) Berre sånn at det er sagt, så har eg ikkje ete så masse sjokolade som det ser ut som eg har, på dette biletet ;)
SvarSlett