tirsdag 8. februar 2011

Heihei.

Her skurer og går det, er fine dagar for tida. Eg gjekk faktisk til det skritt å seie opp jobben min på laurdag. Noko dumt og lite gjennomtenkt kan ein gjerne tenke, men det vart rett og slett nok. Det får vera grenser for kva ein skal finne seg i når ein er 24 år i ein jobb til mindre enn kr 50 per time. Det som hendte, for å forklare det heilt kort, var at sjefen min plutseleg vart misfornøgd med arbeidet mitt (4 dagar tidlegare var han svært nøgd), og byrja å kjefte på meg. Eg skjønte då ingenting, forsøkte fyrst å forsvare meg, men fekk så som sagt nok. Sa opp, tok lønna mi, og gjekk. Eigentleg ganske nøgd. Dei som har motteke litt jamnare oppdateringar veit at han sjefen ikkje var noko å samle på. Og så tok det vel rundt 15 min. før eg innsåg at eg no ikkje har noko å gjera. Men av og til hender det uventa, og i det store og heile lever eg litt på den at "det ordner seg til slutt". For det gjer vel som oftast det, ikkje sant? Så då er det berre å vente. 

Så dei siste dagane har mykje energi gått til å vera positiv. Veldig positiv. Og resten av energien har gått til mild irritering av at eg verken kjenner lukt eller smak. Er vel mest lukt eg ikkje har, men då dermed ingen smakssans heller. Sist eg lukta noko er omtrent 3 veker sidan, og byrjer å verte lei no. Klart det er almenn kunnskap at visse sider av ein forkjølelse er vanskeleg å unngå, men det får vera grenser. 3 dagar, greit. 3 veker, vel... Ein innser ikkje vanlegvis handikappet med å vera utan luktesans, kva det faktisk innebærer. Er liksom ikkje heilt det same å kome heim til koseleg, ferdig middag, når det einaste ein kan skryte av er utsjånad og konsistens. Og her ein dag oppdaga eg ein pub som faktisk serverte eit norsk øl, og blid og fornøgd gjekk eg hen og bestilte, for så å oppdage at det då spelte liten forskjell... Eg merker no at eg rett og slett er lite klar for å rusle gjennom resten av livet utan å kunne lukte eller smake på det, så krysser fingrane for at det  betrer seg snart (ja, fekk i går for meg at dette kanksje ikkje var midlertidig, positiv som eg er).

Får forresten besøk på fredag. Då kjem Marita, Aleksander, Marte og Kristoffer. Og gjett om eg gleder meg! Ein stor fordel er jo at eg no faktisk har tid til å vera med dei i helga, ikkje sende dei ut aleine i ein stor, ukjend by, medan eg er på jobb. Signe er der for å guide og halde alle utanfor trøbbel. Det eg kan best. 

Og så er det jo slik, at ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko. Er mykje ein får tid til medan ein venter på at ein kjempepositiv og uventa moglegheit skal kome. Blant anna lage frukost (og ete saman). Korleis det smakte veit eg ikkje, men det såg godt ut. Nybakte scones og alt.

Fekk diverre ikkje til å snu biletet rett veg, men er berre å snu dataen eller hovudet så ordnar det seg.

Ein får tid til å sitte på ein benk og bli teke bilete av. Sjeldan ein ikkje har tid til ein slik fin, liten handling, men god tidsfordriving er det uansett. 

Og ikkje minst tid til å bruke innmari lang tid på sjølvutløyserbilete på ein benk i ein park. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar