torsdag 17. februar 2011

Ei verd utan sjokolade...

Idag sat eg å las i boka mi på ein cafè  (ja, det var Starbucksen), då to unge gutar, omtrent i 15-års-alderen sat seg ved sidan av meg (på Starbucks vegrer ein seg ikkje for å site nærast oppå sidemannen). Eg fortsatte å lese i boka mi, men kunne ikkje la være å høyre på kva dei snakka om. For dei sat nemleg å spekulerte i korleis verda hadde vore om det ikkje hadde funnes sjokolade. Litt facinerande eigentleg, for korleis hadde det vore då? Eg kjende ei lita tristheit smyge seg fram, for gjer ikkje sjokolade ein litt lukkelegare? Vart også litt redd, då deira diskusjon konkluderte i evinneleg krigføring og evig sinte mennesker (djupt reflekterte og fornuftige gutar dette her). Men heldigvis så finnes sjokoladen. Og for å feire at smaken min kom delvis attende igår gjekk eg på Lidl og kjøpte store mengder kindersjokolade (føles nemleg litt feil å ete sjokolade utan smak). Så no ligg eg på sofaen, litt kvalm, og litt angrande, men veldig glad for at sjokolade, særleg kindersjokolade, finnes.

Så over til noko anna. Idag var eg også å etterlyste ein film som vart kjøpt på ein cd-butikk i helga, og som ein trudde var gjenglømt på butikken. Med lite håp om å sjå filmen att, tok eg turen for å spørje, gjerne mest for å ha gjort det. Etter 5 min. fekk eg ein heilt ny film, utan nærare spørsmål, dei hadde sjekka registeret og det var ein film for mykje. Så då stod eg der, måpande, med filmen i handa. For er det berre meg, eller synes andre at få ting hender gratis, og i alle fall ikkje utan litt diskusjon eller ein kvittering? Og eg må jo då berre spørje, om det er eg som har vorte så kynisk (og litte granne negativ), eller er det resten av verda?

For her ein dag tok eg òg min kjære Mac med på Apple-huset, for å få litt tips sidan den har vorte så treig. Med det resultat at mannen fiksa maskinen min og så sendte den inn for å erstatte dekselet, gratis... Kan det verkeleg skje? Også då vart eg heilt satt ut, og fekk ei kjensle av at det faktisk finnes håp. Og uansett har eg fått ein ny plass å tilbringe dagane, på Apple-huset blant alle desse kjekke, ikkje-kyniske folkene. Og i tillegg har ein glad mac på betringens veg.  Hurra!

1 kommentar: