torsdag 17. februar 2011

Besøk.

No har det nok ein gong vorte veldig stille i 63 Miller street. Besøket har reist heim att. Men hjelpe meg for eit kjekt besøk. Marte, Kristoffer, Marita og Aleksander. Dei entra byen på fredagskvelden, og sjølv om me venta på feil togstasjon, så vart besøket funne til slutt, og trygt frakta til sine respektive buplassar. Så helga den gjekk i mykje sightseeing, eindel shopping og mykje god mat og drikke. Hadde det rett og slett utruleg kjekt, og fekk inntrykk av nokre fornøgde (om litt slitne, og litt vondt i føtene) turistar som drog til Edinburgh på tysdagen. Fekk vist dei nokre av dei mest populære sightsa i Glasgow, og prøvd å gitt eit godt inntrykk av byen.

Her luncher me på Willow Tea Rooms. Noko stiv cafè, men er byens store helt, mr Machintoch som står for dekoren. Og er det avmerka som sight på kartet, må det nesten sjekkes ut.
Klar for å entre kunstskulen, også av byens kjente arkitekt. Eit veldig flott, og noko spesielt bygg, som absolutt var verdig ein nærare kikk.
Flinke turistar på tur.


Her er me i botanisk hage i West End. Var mest å sjå i drivhusa, noko som vel seier seg sjølv sidan det er heller lite blomstring ute i februar.




Kristoffer tar ein nærare kikk på dei kjøttetande blomane. Dei var ganske facinerande (og noko skumle).
Marita blant orkidèane.













Me var å høyrte på jazz på "The Butterfly and the Pig". Dei var veldig flinke, og me var fornøgd med å ha ramla over konserten.
Marte og Kristoffer. Nye funksjonar på kamera vert utprøvd heile tida.
Som så alment kjent, er god shopping ein av Glasgows spesialitetar, så då var det nesten ikkje anna å gjera enn å sjekka ut butikkane. Og noko enda meir kjent, er vel at shopping tek knekken på dei fleiste, så då er det berre å flykte ned på næraste benk.
Her er me på Kelvingrove Museum i West End. Også museum kan verte litt mykje i lengda, men kjekt å få med seg likevel, gjerne mest for å hjelpe på shopping-samvitet.









Så som ein kan sjå, har helga bydd på veldig mykje. Har hatt det kjempekjekt, og det vart litt tomt her då dei drog. Men me har kost oss veldig ilag, og har blant anna nokre gode karaokeopplevingar å sjå tilbake på. Say no more...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar