mandag 17. januar 2011

Vår?

Veit det er tidleg, men idag er det nesten litt vår her. Og med sol, varme (varmare i alle fall) og vårkjensle, sniker positiviteten seg fram, som nok mange er einig i. Det er utruleg herleg, og for tida er det ganske fint å vera her i Glasgow.

Siste veka innehaldt litt av kvart, der det byrja med at eg for alvor fekk det for meg at eg no trengte litt bekjente her  i byen, då alle eg kjenn her sit på skulen minst 14 timar dagleg, og dei eg var litt med før jul, har dratt heim. Så det eg gjorde, i tillegg til å skulle melde meg på litt kurs, som eg skreiv om sist, var å finne folk på nettet. Det er noko eg finn litt merkelig, og ikkje har gjort før, men det har jo då enda i mange øl-og-kaffe-planar med ulike folk. Den fyrste skal føregå i kveld, og må nok seie at eg gruer meg litt, er det noko som kan verte kleint (eit ord eg vanlegvis aldri anvender, men som eg anser som perfekt i denne setting) er det nok dette.  Men det er då verdt eit forsøk.. og i tillegg har eg då også vorte kjent med nokre folk som har vore på prøvejobbing på caf'èen.

Når ein fyrst var inne på denne caf`è-jobbinga mi, så har det skjedd ein liten endring der dei siste dagane. Har ikkje fått nokon ny jobb, men arbeidsdagane har vorte litt greiare. For det som hendte i forrige veke, var at Signe fekk nok. Som mange veit, kjem eg ikkje heilt overeins med sjefen der, så absolutt ikkje, og me er ueinige i svært mange ting. Og når han då sa at eg ikkje fekk tips lengre, fordi han skulle bruke det til å supplere i kassen, fekk eg som sagt nok. Snille Signe vart kjempesint, svært usakleg og noko ufin. Dei som har diskutert med meg, veit nok at det ikkje er mi sterke side, og ikkje er eg så flink til å seie frå om ting når eg burde, så då vert det plutselig nok. Så no trur eg denne lite hyggelige sjefen er litt redd meg. Får uansett tipsen no, litt meir i lønn, og får jobbe og stenge meir etter min fordel. Men planen er fortsatt å få ein annan jobb, men det er vanskeleg. Sender sjukepleiarsøknader for fullt, men med lite resultat så langt. Håpar på det beste, hadde vore kjekt å fått prøvd litt ut å jobbe som sjukepleiar, når eg fyrst er her.

Så det er dagane her. Sven er ferdig med 2 av 3 eksamensdagar, skal ha siste no på onsdag, og han ser fram til det, trur han byrjer å verte litt lei av dei lange dagane på lesesalen.

Så ein sise liten ting. Eg haldt på å blåse vekk her i helga, heilt sant. Var forferdeleg regnvèr, og eg fekk ein paraply på jobben for å kunne gå heim (likar best å gå heim). Kjente meg svært nøgd med den, gratis paraply er vanlegvis kun å oppdrive i Bergen, så la ut i regnet. Denne paraplyen viste seg så å vera meir ein parasoll, så når fyrste vindkastet kom, fòr eg bakover, og måtte gøyme meg. Så måtte slå ned paraplyen og ta banen heim. Ironisk? Noko. Paraplyen har eg uansett kasta. Slike små ting er slike små ting eg likar, det gjer kvardagen litt kjekkare, og får ein til å smile litt meir for seg sjølv. Håpar kvardagen dåkes der heima er fin.

3 kommentarer:

  1. Hvordan har det gått med bekjentskapene dine? Jeg er spent på å høre om "vennemøtene" dine. Jeg synes det er sprekt av deg å ta kontakt via Internett. Hvorfor ikke, det er sikkert mange andre som er i samme båt, og som ønsker å bli kjent i et fremmed land. Her er alt bare fint, Alfen og jeg hadde ei hyggelig helg i Bergen. Traff Marie og Roger, Marlene og Eirik. Det var bare dere som manglet. Nå er det snart vår, og da skal det bli kjempekjekt å få dere til Norge!

    SvarSlett
  2. Hehe, litle storesyster som blåser vekk:)

    SvarSlett
  3. Hehe, eg veit, var ikkje heilt enkelt det derre. Desse vennemøtene går ikkje så aller verst, men føler det er litt rart å møte folk slik. Dei eg møter er uansett i same båt, og er nokre greie folk faktisk, nokon rare også. Skal på kino med ein gjeng av dei idag, så det vert koselig :)
    Gleder meg også til å kome heim, blir kjekt! :)
    Ha ein fin dag vidare, klem.

    SvarSlett