onsdag 26. januar 2011

Livet i Glasgow.

Kjære  bloggen. Idag har eg jogga, søkt på mange sjukepleiarjobbar, tilbringt eindel timar på Starbucks, sett mange rare folk og følt meg både litt einsam og litt heldig. Med andre ord, ein typisk fri-dag i Signes skotske liv. I tillegg har eg forresten fått kjærasten min attende. Han vart ferdig med eksamenar i forrige veke, og no er det plutseleg ein Sven her som har tid til å finne på kjekke ting, og snakke om litt andre ting enn berre skule-emner. Sjølv om det for all del er interessante greier, så er det dog fint å snakke om noko anna også. Så han er med andre ord ute av eksamensbobla, og nok ein gang tilstades i Glasgow-livet me delar. Så hei hvor det går!

På jobben går det vel også greit. Kunde-samtalane har endra seg frå klaging over snøen, til bekymring over at det kanskje kan kome til å snø igjen ein dag i framtida, og kor dei gruer seg til det. Ganske finurleg eigentleg, men eg speler med, og bekymrer meg så mykje eg kan. Trur min flotte sjef skal ansette ein person til, og eg krysser fingrane for at det skal skje, hadde vore fint å jobbe saman med nokon. Ellers så søker eg sjukepleiarjobbar for harde livet, men er så langt liten respons.

Så livet her i Glasgow er vel alt i alt ganske greit for tida. Har blitt kjent med litt fleire folk, blant anna over internett som eg skreiv om forrige gang. Det fyrste møtet eg skildra, som eg frykta kunne verte noko kleint, vart enda meir kleint enn eg frykta. Men heldigvis møtte eg denne person på ein bar, og når ein då merka at samtalen gjekk nokså treigt (mest grunna at ein ikkje hadde noko særleg å snakke om), var det greit å ha litt  øl tilgjengelig. Med andre ord vart opplevinga nokså pinleg, men dog ganske kort. Har møtt nokre andre folk også, der møtene har gått litt betre. Så er fornøgd med den. På den eine sida kjenner eg meg modig som tør å kaste meg uti noko nytt, men samstundes har eg sett på meg sjølv som ein person som greier å verte kjent med folk under meir vanlege omstendigheiter, og at det er litt rart å møte folk på denne måten. Menmen, ein må no berre prøve.

Sjølv om det innimellom kjennes overveldande å bu i ein så stor by, med konstant så mykje folk rundt seg, har det også sine fordelar. Synes det er herlig å berre kunne vandre rundt og sjå på alle desse ulike folkene, lage historiar om dei, le litt av dei, ta nokre snikbilder (har fått nytt, fancy kamera) og synes litt synd i nokon av dei. Er vel slik det er overalt, men har ikkje hatt så mykje tid til å berre vandre rundt tidlegare. Eg likar det. Så her er alt bra, gleder meg gløgg ihel til å få besøk om ikkje så lenge! Håpar alt er bra med dåke heime.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar