mandag 10. januar 2011

Attende i Glasgow.

Då var ein tilbake i leiligheita i Glasgow. Har hatt ei kjempefin julefeiring heime, fått vore mykje med både familie og vener. Jula har innehaldt, som seg hør og bør, mykje god mat, og fleire flotte skiturar. Veldig godt å vera litt sosial igjen, føler ikkje det har vorte så mykje av det i løpet av hausten her.

Er fint å vera attende her, men samstundes noko demotiverande å skulle starte heile jobbsøkingsprosessen igjen. For i løpet av jula har eg endeleg fått godkjent autorisasjonen min i Storbritannia. Utruleg greit å få det i boks, opner opp litt fleire moglegheiter, men er også noko vanskeleg å skulle finne seg jobb som sjukepleiar. Som tidlegare forklart er arbeidsløysa her veldig høg, og kvar skal ein begynne å søke? Er ikkje så enkelt, men hjelper veldig på at eg faktisk har ein jobb medan eg søker på andre. Så då får ein sjå etterkvart kva som skjer.

Sven kom attende ei veke tidlegare enn meg, og han er i gang med full eksamenslesing. Skal ha 3 stykker, den fyrste i morgon. Han er flittig, og trur dette skal gå greit, og det trur eg med. 

Ellers har eg tenkt litt på dette med nyttårsforsett. Finnes det nokon som kun tenker at "2010 var eit så fint år, håpar 2011 vert like bra", eller ynskjer ein kvart år at det neste året skal verte betre? Eg vert nemlig veldig fornøgd om dette året i heile tatt vert nesten like bra som det forrige. For det har vore eit fint år, med grunnfag i historie, masse interessant erfaring frå psykiatrisk akuttmottak og så faktisk flytte til Glasgow. For sjølv om det har vore nok av utfordringar sit eg alt i alt igjen med ei kjensle av å kjenne meg heldig. For det er faktisk ei utruleg erfaring å få bu og jobbe her. Så då får ein sjå, om året svarer opp til det forrige, og det er vel kun opp til meg å få det til å skje.

Så det neste på lista er å kome seg attende på jobbsøkermarknaden, og så gjerne melde seg på eit kurs eller to for å bli kjent med fleire folk. Nokre forslag? Lurer på teikning, keramikk, oljemaling eller spansk. Gleder meg :)

Håpar alt er bra med dåke heime.

1 kommentar:

  1. Kjekt å høre at alt står bra til med dåke. Her har vi mye skiftende vær, regn og snø om hverandre. Alfen er en tur heime, og jeg har nylig vært i London. Lykke til med strevet til dåke begge to :)

    SvarSlett