mandag 22. november 2010

Oppdatering.

Hei.
No har bloggen vorte forsømt lenge nok, har vore litt dårleg på oppdatering, og beklager den. På den andre sida, er det vel ikkje særleg mykje nytt som har skjedd. Jobbar fortsatt på caféen, og har fortsatt ikkje fått godkjent autorisasjonen her borte. Hjelpe meg, så lang tid det skulle ta, siste nytt er at eg må sende inn oversertjing av fødselsattest, på nytt. For å vera heilt ærleg, så saknar eg sjukepeiar-Signe, café-Signe er ikkje heilt den same.. Så får håpe NMC (Storbritannias autosiasjons-forbund) får fart på seg snart.

Her nærmer det seg jul med stormskritt, igår var det offisiell tenning av Glasgows julebelysning (som har vore oppe og tent i vel 1 mnd. allereie). Det var ein fleire timars lang seremoni med eit enormt fyrverkeri-show. Personleg er eg veldig glad i jula, men lysa, julesongane i november og julegåvehandling som startar i oktober, kan verte litt mykje synes eg.

Hadde besøk av mamma og Marlene i forrige veke, noko som var utruleg koseleg. Fekk vist dei Glasgow og Edinburgh, med det byane har å by på av severdigheiter og shopping. Var på Rocky Horror Show, som vart sete opp i forbindelse med GlasGay, noko som var litt av ei oppleving, med teateret fullt av (noko berusa), veldig utkledde fan, som kunne alle songane og replikkane utanatt. Utruleg kjekt med besøk, så no går eg stort sett rundt og gleder meg til å reise heim til jul. 

Sven er eit noko sjeldant syn for tida, han tilbringer kvar dag, frå tidleg morgon til sein kveld, på skulen. Er visst kjempetravelt, men han trives, og alt går bra. Ellers tok eg endeleg mot til meg, og gjekk til frisøren her. Skjønte med eitt kvifor eg har drøyd det så lenge. For det å skulle skildre hårfrisyren på norsk er vanskeleg nok, og på engelsk vart det heilt umuleg. Endte opp med "peik-og-nikk-strategien, frå diverse blad. Men resultatet vart veldig lite hår igjen på Signe. Det positive er vel at det veks ut att..

Så her går det berre fint, me trives godt begge to. Eg saknar alle dåke heime, pluss smågodt og fiskeboller.

2 kommentarer:

  1. Hadde vert kjekt å sitt når alle dei blåe julelysa vart tent! Sikkert kjempefint der no:) Savnar deg og Glasgow allereie, glede meg til å komma tilbake! Blir nok ikkje så alt for lenge til.
    No nerme det seg jul og heimreise og. Det blir kjempekoselig når alle (du og pappa) kjem heim:) Eg er heime på Stord og jobber litt på sjukeheimen no, har ikkje så mykje å gjer i Bergen for tida. Har siste eksamen 7. desember, så er eg ferdig:)
    Snakkast om ikkje så lenge, glad i deg:)

    SvarSlett
  2. Hallo :)!

    Smågodt er greit å savne, men fiskeboller... ???

    Erik

    SvarSlett