Då var det endeleg adventstid, og lov å glede seg til jul. I løpet av desse 5 dagane har Signe klart å gjennomføre svært mykje juleglede. Både meg og Sven er igang med adventskalender, og Signe har bakt store mengder (altfor store) pepperkaker og kakemenn. Veldig koseleg, og ein liten utfordring. Er ikkje alle ingrediensar som er så enkle å få tak i her, som hornsalt og malt kardemomme. Så då må ein improvisere og male kardemommen sjølv. Men det gjekk bra. Er flotte advents-forhold her nett no, med minusgrader og snø. Er nydeleg å sjå til, men fungerer dårleg i praksis. For i eit land utan brøytebilar seier det seg sjølv at kaos oppstår. "Snø-kaoset" i Bergen er ingenting i forhold. Til dømes stengte alt av butikkar og skular idag grunna 10 cm. snøfall, og store mengder slaps.
For å spre litt julestemning kjem her eit bilete av dei flotte lysa på George Square. Korleis kan ein unngå å kome i julestemning av slike lysande, blinkande, ekstreme fargar?
Så over til noko anna. I forrige veke var meg og Sven på fjelltur. Er nydelege turområder oppe i Highlandsene her, så endeleg fekk me fingeren ut og kom oss avgarde. Hadde planlagt å gå opp ein topp som heiter "Ben Lomond". Det er rundt ein 6-timers tur, og skal vera veldig fint. Me kom oss avgårde grytidleg og såvidt på riktig buss. Det viste seg då at båten me skulle ta over vatnet ikkje gjekk utanom turistsesongen, så gjekk på ein annan topp me fann. Fint var det, og veldig veldig kaldt. Så gjerne litt seint på året for fjelltur.
Ellers tilbringer Sven heile dagane på skulen, og Signe har svært rolege dagar på jobb. Caféen er nemleg eit stykke utanfor sentrum, så medan alle kundane er på julegåvehandling, drikker Signe kaffe, eter kake og les avis. Veit ikkje heilt om det er bra eller dårleg, men mest dårleg trur eg.. både for omsetjinga og for mi helse. Prøver forresten å legge ut litt fleire bilete, men er litt tekniske problemer her fortida, så er ikkje så lett. Går berre å legge ut bilete frå nettet, derav det flotte ovanfor. Og som dåke observante leserar ser, har bloggen skifta fasade, eller fargar om ein vil. Er meget stolt over det, prøvde meg på nokre skotske ruter i bakgrunnen, men det vart eit hakk for avansert for denne gang...
Håpar alt er bra med dåke heime, me gleder oss utruleg til å kome heim til jul begge to!
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettHei!
SvarSlettJeg har jo ikke kommentert noe på bloggen etter at vi var hos dere. Vil herved anbefale venner og familie til å ta turen "over there". Både Glasgow og Edinburgh var fine byer. Alt for mange spennende og flotte designbutikker i Glasgow, så der er det bare å holde fast på lommeboka! Signe var en flink guide i Edinburgh, så her kom grunnfaget i historie til sin rett. Det gikk også helt fint å sove på stuegulvet, på luftmadrassen - kjempekjekk tur! Nå ser vi fram til å treffe dere i jula :)