torsdag 28. oktober 2010

Eit lite kultursjokk, mykje tenking og 1 venn på eigenhand.

Då kan ein seie at eg er godt igang med jobbinga, og at det faktisk viser seg å vera ein ganske koseleg og grei jobb. Pusler rundt i caféen, serverer, snakkar med folk, lagar kaffi og brenner litt toast innimellom. Det som då viser seg å vera eit lite kultursjokk omhandlar hygiene. For her vaskar ein nemleg verken koppar, fat eller bestikk. Ein tørker berre lett av, og serverer det til neste kunde. Og ein skulle jo gjerne tru at ein kunde kan verte litt oppskaka om ein får servert kaffi i skitten kopp med gamle leppestiftmerke rundt heile kanten. Men neida, enten later ein som ingenting,"no worries", eller spør fint om ein ny kopp. Eg for min del hadde nok ikkje kome attende til same caféen. Men som så ellers er, så vert ein vant med det. Også eg tek meg sjølv i å tørke lett av, men tek i alle fall vekk leppestiftmerkene.

Og så er det jo også slik, at Signe har ein tendens til å tenke mykje over og rundt ting. Og det som eg no lurar på, er kvifor det alltid er slik at når ein endeleg får eit tilbod, så får ein også så mange fleire? For den her jobbsøkinga mi var ganske vrien i halvanna månad, med ingen respons, og altfor mange søknadar utlevert. Men når ein då fyrst får ein jobb, så ringer det frå alle moglege andre jobbar også.  Fleire barar og restaurantar, til og med den koselege caféen eg var på prøvejobbing til, den eg så gjerne ville jobbe på med dei kjekke folkene, også der ringte dei og lurte på om eg fortsatt var interessert. Er det ikkje utgjort? Får dei ein følelse av at dei ville ha meg likevel, sidan eg no har fått ein jobb?

Ein annan ting eg lurer litt på, er kvar alle due-borna er? Kvifor ser ein berre vaksne duer, og ingen born. Er dei i reir, eller kvar er dei? Dei kan jo ikkje vera fullvaksne frå fyrste stund?

Ein siste ting, er at eg herved har fått min fyrste venn på eigenhand. Det vil ikkje seie at eg ikkje har vorte kjent med folk sidan me kom. Eg har møtt mange kjekke mennesker, og blitt kjent med mange, særleg gjennom Sven og hans klasse. Men eg har no møtt nokon gjennom det korpset eg begynte i (og har slutta i, sidan eg må jobbe seint kvar torsdag), og der er det ei som no har gått frå bekjent til venn (i alle fall i mine auger). Ho heiter Kathryn og er veldig grei. Hurra! Flink Signe.

Så her er alt berre bra, siste nytt på leiligheitsfronten er tetningslister. Så no har me gått frå 14 grader i stova til levelig. Kva skulle ein gjort utan ein ingeniør i hus? Håpar alt er bra med dåke heime.

3 kommentarer:

  1. Eg såg ein dueunge ein gong i ein bakgard i Bergen. Den var kanskje på størrelse med ein litt stor dompap? Dueegg er dessuten på størrelse med strutseegg.

    SvarSlett
  2. Så kjekt å lese Signe! Høres spennende ut! Men hvor blr det av sykepleien,eller sykepleieren i deg?
    Kos deg med kafè livet! Skal følge med...klemklem

    SvarSlett
  3. Ole-Henrik: Er det sant? Interessant, eg har fortsatt til gode å sjå ein. Merkeleg at dei er så sjedne. Men då har eg i alle fall fått bekrefta at dei faktisk finnes :)

    Cathrine: Hei! Så kjekt du følger med. Sjukepleiaren må vente litt, for det tek så lang tid å få godkjent autorisajonen, så eg kan jobbe her borte. Men er i søknads-prosessen :)

    SvarSlett