torsdag 21. oktober 2010

Jobb!

Hurra! Då har Signe endeleg fått ein midlertidig jobb, medan ein venter på at autorisasjonen skal verte godkjent. Det er ein koseleg kaffeplass/café, eit lite stykke unna sjølve sentrumskjerna. Fleist stamkundar, og stort sett kun ein som jobbar der, noko som ikkje var heilt min plan, sidan eg også skulle samle venner. Men venner får ein då få ein annan plass, og jobb er jobb. Til tross for høgt tempo til kr 50,- per time, er det ein veldig lettelse å sleppe å gå rundt aleine på jobbsøking mykje av dagane. Å ha noko ein skal gjera, og vera blant folk. Meget bra!

Ellers tilbringte me forresten delar av forrige helg i Edinburgh, som er ein utruleg flott by, nesten så ein tenker at det var der ein skulle budd.. Men då er det greit at det kun er 1 times busstur unna. Sven har lange, men interessante dagar på skulen, med forståelege og ikkje fullt så forståelege førelesarar. Men veldig kjekk klasse, og lærerike førelesningar.

Så alt vel her, godt at ting no faller litt på plass, eg var ganske oppgitt ein periode, og lurte på korleis dette eigentleg skulle gå. Men no smiler byen litt meir likevel. Håpar alt er bra med dåke heime.

2 kommentarer:

  1. Jippi! Så kjekt at du har fått deg jobb:) Sjølv om det ikkje høyrtes ut som draumejobben:b Du får sjå på det som ei midlertidig løysning. Eg og mamma snakkar om å reisa på besøk til deg i november! Då har ho ein del fri fagdagar visstnok, og eg har jo nermast ingen skule frå og med måndag:) Hadde vore kjempekjekt!

    SvarSlett
  2. Så bra! Har veldig lyst på besøk, og det passar igrunn kjempefint uansett når! :) Gleder meg.

    SvarSlett