søndag 19. september 2010

The scottish highland.

Her i Glasgow har me det bra, nyter fortsatt litt ferie før gutane byrjar på skulen på tysdag, og Signe for alvor set inn jobbsøkings-giret. I går var me på lang guida tur, og med lang meines over 600 km på vegen, nærare bestemt rundt 13 timar i buss. Skal ein fyrst sjå litt meir av Skottland, vil ein gjerne sjå mykje. Det var veldig kjekt, og me fekk sjå nærare for eit flott land dette eigentleg er. Guiden/sjåføren var ein morosam mann eit stykke over pensjonsalder, som viste seg å tidvis være noko utolmodig i trafikken. Turen gjekk forbi Loch Lomond, Storbritannias største ferskvatn i areal, og vidare opp til Nessie-leiting i Loch Ness. Fann ingen monster, men kjekt å ha vore der likevel. Rundt 9 slott vart teke bilete av, og mykje facinerande historiar vart fortalt. Nærast halvvegs ramla eine hjulet av (innrømmer ein liten overdriving her, men håper det blir forstått at det likevel var litt dramatisk), og me vart ståande nokre timar i vegkanten og venta på ein ny buss. På dette tidspunkt på vår guida tur, skal det seies at me byrja å verte litt lei av å sitte i buss, og litt klare til å returnere heim. Men situasjonen vart redda då gratis whisky vart utdelt medan me venta, og fire glade nordmenn ankom tilslutt Glasgow (dette er utan overdriving). Håpar alt er fint med dåke heime. Skal straks legge ut litt bilete av leiligheita vår.

1 kommentar:

  1. Haha! Mista de verkeleg hjulet? På samme måte som meg og Kristine på veg til Mexico? ( http://www.flickr.com/photos/bjornogtiger/4154728800/in/set-72157622923936812/ )

    Kjekt å sjå de har det fint. =)

    Klem frå Uglo

    SvarSlett