tirsdag 7. september 2010

Fyrste dag i Skottland.

Så var me her endeleg. Flyttet til Glasgow. Gårsdagens reise kan kort oppsummeres med 2 stressa reisande med tilsaman 6 kolli. Det er nok då ikkje vanskeleg å førestille seg ein litt hektisk dag. Men fram kom me, entra hostelet (og baren), og sovna til vår nye storbys facinerande lydar. Idag har me då stort sett gått omkring for å gjera oss kjende. For å igjen kort oppsummere, sit me igjen med eit bilete av eit sentrum beståande av grå bygningar, eindel regn, og svæt kjekke Glaswegians. For folk her er utruleg hyggelige og hjelpsomme. Angåande leiligheitsprosjektet var vår fyrste plan nok litt optimistisk, der den sånn omtrentleg gjekk ut på å dumpe borti ein utrule koselig, billig og sentral leiligheit. Det skjedde då ikkje, så neste steg har vore å søke opp eindel aktuelle leiligheitar på nettet, så skal me ringe rundt og prøve lykken i morgon. Altid like kjekt med visningar... No skal me sjå Skottland-Liechtenstein-kamp. Har fått tips om ein upåklageleg stemning på visse pubar i området. Ps: Har idag sett 11 menn ikledd kilt. Sålangt ingen sekkepiper, og ingen slott.

2 kommentarer:

  1. liker at dokk allerede regner dokk som glaswegians:)
    alt gikk greit med kortene deres?? har hørt at du må slå av regionssperren på kortet for du reiser ned??

    SvarSlett
  2. Det var kjekt å høre at turen gikk fint og at dere er kommet vell fram. Viss dere enda ikke har fått med dere landskampen, så, til opplysning, vant Norge 1-0 over Portugal! Lykke til med leige av leilighet.

    SvarSlett