fredag 10. september 2010
Leiligheit!
No har me fått ordna oss leiligheit. Ein liten koselig ein, midt i sentrum. Har også vore gjennom største delen av papirmølla, for det å leige leiligheit her, er ikkje berre berre. Det er omtrent som å kjøpe heime, der ein går gjennom eigne meglerfirma. Me får flytte inn om nokre dagar, og ser veldig fram til det. Utruleg godt å få det ut av verden, og så i neste omgang konsentrere seg om jobb. No sit me i ei av hovudgatene, ser ut vindauget på ein cafè, på alle desse menneskene. Merker at storbytilværelsen enda ikkje faller heilt naturleg... det er så hinsides mykje folk, til alle tider, overalt. So I can't help but wonder.. where are they coming from, where are they all going? ..... Ja, er ikkje fritt for at Carrie Bradshaw-kjensla kjem snikande her ein sit :) Ellers har me det veldig fint, igår var me å feirte med Svens medstudentar som også fekk ordna seg leiligheit. Feiringa skjedde på ekte skotsk vis, på "the horse shoe". Herleg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Så deilig at dere har fått leilighet! Nå kan dere endelig begynne å tenke på litt andre ting.. Men som sagt, legg ut bilder så snart dere har fått ting på stell! Jeg vil se hvor jeg skal komme på besøk :D Kos dere videre og lykke til med jobbsøking og skole! Go'klem
SvarSlettGratulere så masse med leilighet:) godt når ting begynne å falle på plass! masse lykke til med jobbjakta signe. Får håpe det ordna se like lett som leiligheta gjor:)
SvarSlettKlem fra Marte og Kristoffer