Hei.
Ser Sven har hatt ein liten oppdatering her, ein test i alle fall, men han har jo gløymt det viktigste...
Me hadde nemleg ei utruleg fin veke med besøk av mamma, pappa, Marlene og Edvard. Dei var frå onsdag til søndag, og Edvard frå fredag til måndag. Fine dagar med fin familie, mykje trakking i flotte Glasgow, litt teater, god mat, litt shopping og rett og slett berre gøy. Me koste oss alle, og var utruleg kjekt med besøk. Skal legge ut litt bilete etterkvart.
Her byrjar det å verte vår faktisk, og med dei fyrste teikna kjem fyrste forkjølelsen. Men er vel eit sikkert teikn den óg. Ynskjer alle ein fin torsdag vidare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar