mandag 6. februar 2012

Besøk!

Hurra! På onsdag får me besøk av mamma, pappa og Marlene, medan Edvard kjem til helga. Dei blir til søndag, og eg er så gira at eg ikkje veit heilt kvar eg skal gjere av meg. Gleder meg sånn! Er vel ikkje så lenge sidan eg såg dei sist, men er noko med å vere eit stykke unna, og eg er tross alt vant med å sjå familien jamnleg.
   Så no sit eg her, prøver å pugge engelsk grammatikk, men er ikkje så lett. Venter på at Frida skal kome bort, som tek dei same faga som meg, så me kan lese litt saman. Det hjelp nok litt på. Har i tillegg nett fått nye sko i posten, som (nesten) passa, så dei fleiste kan nok skjøne, at er ikkje så lett å konsentrere seg nett no :)
   Ein fin måndag til alle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar