tirsdag 17. januar 2012

Internett!

Hurra! Eit under har skjedd. På søndag morgon fekk me faktisk internett. Det er ganske utruleg, og noko eg ikkje trudde eg skulle få oppleve så lenge eg var her.. i Glasgow altså. Det har nemleg vore eit evinneleg styr med den internetten, både i fjor og i år, der me bestilte med ein gong me kom bort hertil, altså no i September, og har berre venta og venta... Men så kom det ut av ingenting ein mann på døra kl 08 søndag morgon, og skulle fikse slik at me fekk internett.. Litt overraskande, men me sa ikkje nei, så no er me særs nøgde. Eg er dermed svært klar for skypesamtalar, utan å måtte bort på Starbucksen.

Ellers er alt bra her, Sven er ferdig med den fyrste eksamenen no idag, og skal ha siste i morgon. Signe sit heime på nettet.. Neida, sit no å les litt, medan eg ventar på Yngvild som skal kome bort, så me kan spele litt fløyte saman. Veldig koseleg. Forøvrig har me anvendt store mengder tørkepapir rundt vindauga, då gjennomsnittstemperaturen i leiligheita, med omnane på, er ca 15 grader for tida.. Kanskje litt overdrive, men er veldig kaldt her. Sånn bortsett frå det har me det bra.

Så ha ein god dag, kommentarar blir forresten veldig sete pris på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar