Heihei.
Då var det helg igjen, veldig fint igrunn. Eg var litt engsteleg for at veka skulle verte noko stusseleg utan Sven her. Er ikkje det at eg er så mykje med han sånn til vanleg, men er noko med tom leiligheit i Glasgow, av alle plassar. Så eg la ein masse planar for heile veka, så den har igrunn gått i eitt. Var ein liten periode det vart litt mykje, men dagane har flydd avgarde. Noko som jo er å regne som særs positivt.
Eg les ganske mykje på engelsken min fortida, er enorme mengder pensum, så er vel berre å henge i frå start. Ellers har det vore mykje sosialt, der også Concert Bandet har starta opp att. I kveld er eg invitert på middag hos Kyla og Anskey, der me vel blir ein liten gjeng, veldig koseleg.
Sven koser seg veldig på ski, og dei har det visst kjekt utanom bakken óg, så det er bra. Men blir no koseleg når dei kjem attende att også.
Så då ynskjer eg alle ei fin helg, må hive meg litt rundt her. Grunnen til at det ikkje er nokre bileter frå eit regnvått Glasgow, er fordi Sven har med kamera, og min mobil er nok ikkje slik laga at den egner seg for bilettaking.. Hejdå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar