Heihei.
Då er me tilbake i Glasgow igjen. Kom seint igår, og er allereie godt i gang med å finne leiligheit. Oh yeah. Og igjen som ifjor, kjem etterpåklokskapen etter dei 10 fyrste minuttane med leiting. "Kvifor var me ikkje tidlegare ute..?" "Kvifor gjorde me ikkje som me hadde tenkt, og søkte på leiligheitar tidlegare i sommar?" Sukk.. det er no alltid slik.
Så idag stod me opp kl 09 og begynte å gå rundt til dei ulike letting agenciane, og fekk same beskjed alle plasser: "Ingenting til den prisen i sentrum, som er ledig omgåande". Etterkvart som nederlaga presenterer seg, går kravene til leiligheit ned, og prisen me er viljug til å betale går opp. Så no har me ordna oss to visningar i morgon, og er fast bestemt på å gjera det som trengs for å få ein av dei. Så me er positive.
Ellers var det igrunn ganske fint å kome attende hertil. Litt rart eigentleg, det kjennes ikkje så lenge sidan sist eg gjekk i gatene her. Så her er alt bra, me er ein god gjeng av folk i klassen til Sven her allereie, og heile gjengen er på leiligheitsjakt. Håpar alt er bra heime! Stor klem Sven og Signe
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar