fredag 27. januar 2012

Helg.

Heihei.

Då var det helg igjen, veldig fint igrunn. Eg var litt engsteleg for at veka skulle verte noko stusseleg utan Sven her. Er ikkje det at eg er så mykje med han sånn til vanleg, men er noko med tom leiligheit i Glasgow, av alle plassar. Så eg la ein masse planar for heile veka, så den har igrunn gått i eitt. Var ein liten periode det vart litt mykje, men dagane har flydd avgarde. Noko som jo er å regne som særs positivt.

Eg les ganske mykje på engelsken min fortida, er enorme mengder pensum, så er vel berre å henge i frå start. Ellers har det vore mykje sosialt, der også Concert Bandet har starta opp att. I kveld er eg invitert på middag hos Kyla og Anskey, der me vel blir ein liten gjeng, veldig koseleg.

Sven koser seg veldig på ski, og dei har det visst kjekt utanom bakken óg, så det er bra. Men blir no koseleg når dei kjem attende att også.

Så då ynskjer eg alle ei fin helg, må hive meg litt rundt her. Grunnen til at det ikkje er nokre bileter frå eit regnvått Glasgow, er fordi Sven har med kamera, og min mobil er nok ikkje slik laga at den egner seg for bilettaking.. Hejdå.

søndag 22. januar 2012

Søndag.

Då har altså Sven reist avgarde på skiferie i Charmonix, saman med nokre av dei andre gutane i klassen. Der skal dei vera ei veke. Så, då gjeld det å greie seg som best ein kan i tom leiligheit i Glasgow. Sånn foreløpig sit eg og les, og tenkte vel å også trene litt, før eg skal møte Yngvild seinare. Så hei hvor det går. Eller noko slikt..
Her er forøvrig nokre bilete av Yngvild som speler fløyte, me har spelt eindel saman siste veka, noko som er veldig kjekt.
















Ynskjer alle ein veldig fin søndag. Skjønner at det endeleg er litt snø heime, så eg krysser fingrane for at det kjem litt her også.

tirsdag 17. januar 2012

Internett!

Hurra! Eit under har skjedd. På søndag morgon fekk me faktisk internett. Det er ganske utruleg, og noko eg ikkje trudde eg skulle få oppleve så lenge eg var her.. i Glasgow altså. Det har nemleg vore eit evinneleg styr med den internetten, både i fjor og i år, der me bestilte med ein gong me kom bort hertil, altså no i September, og har berre venta og venta... Men så kom det ut av ingenting ein mann på døra kl 08 søndag morgon, og skulle fikse slik at me fekk internett.. Litt overraskande, men me sa ikkje nei, så no er me særs nøgde. Eg er dermed svært klar for skypesamtalar, utan å måtte bort på Starbucksen.

Ellers er alt bra her, Sven er ferdig med den fyrste eksamenen no idag, og skal ha siste i morgon. Signe sit heime på nettet.. Neida, sit no å les litt, medan eg ventar på Yngvild som skal kome bort, så me kan spele litt fløyte saman. Veldig koseleg. Forøvrig har me anvendt store mengder tørkepapir rundt vindauga, då gjennomsnittstemperaturen i leiligheita, med omnane på, er ca 15 grader for tida.. Kanskje litt overdrive, men er veldig kaldt her. Sånn bortsett frå det har me det bra.

Så ha ein god dag, kommentarar blir forresten veldig sete pris på.

lørdag 14. januar 2012

Back on track.

Då var me attende i Glasgow, igjen. Ser at eg jo ikkje har oppdatert her på over 1 månad.. det er litt for gale gjerne. Men eg drog heim heilt tidleg i desember, for hadde to eksamenar på universitetet i Bergen. Eksamenane gjekk fint, og jula har vore veldig fin. Men det er då godt å vere tilbake her óg :)

Sven er midt i eksamensinnspurten, så han ser ein ikkje så mykje til. Han har to eksamenar i neste veke, og nokre munnlege framlegg i tillegg, så er han ferdig med semesteret, og ser fram til det.

Eg har nett kome bort att, og har ikkje funne heilt ei rutine enda. Skal på trening no, så lese litt, og møte ei venninne. Ein fin laurdag med andre ord.

Ynskjer alle ein like fin laurdag heime, eg lover å verte flinkare å oppdatere her.