Ei lita oppdatering. Her i Glasgow står det berre bra til. Det har begynt å ta seg litt opp for Sven på skulen, litt meir å gjera, og lengre dagar. Men han trives, og seier det er kjekt. Så det er bra. Sånn for min del går dagane fortsatt i lesing, litt trening og eindel sosialt og kjekt. Har blitt betre kjent med folka i bandet, som er litt rare, men stort sett greie.
Det store problemområdet fortida er nok internett. Det er nemlig kul umulig å få internett. Me begynte så fint og gjekk hen å bestilte for nokre veker sidan, for så å få beskjed nokre veker seinare at det ikkje lot seg gjera grunna kreditt-sjekken ikkje var i orden. Full panikk, då eg trudde noko var gale med kontoen her, sidan det høyres ganske alvorlig ut. Men neida, penger og alt på konto. Problemet er berre at me ikkje har budd minst 3 år på same adressa, og at me ikkje har stemt. Som internett-dama så fint sa det: "Du kan ha tusenvis av pund på konto, men det vil ikkje hjelpe, kreditten-scoren vil fortsatt vera altfor lav". Logisk? Nei. Ein skulle då tenke at ein berre får stemme då, for å få denne internetten, men så lenge me ikkje er medlem av EU kan me ikkje stemme heller. Flott. Så eindel irritasjon har gått i nok eit over-byråkratisk system... men det går fint.
Medan me håpar på betre tider, blir det internett på Starbucks, i tillegg til det mobile bredbandet me har heime då.
Signe som litt oppgitt student på Starbucks, og som øver litt
på fløyta heime. Beklager litt dårleg biletkvalitet, men er fordi eg måtte gjera bileta veldig små for å få lasta dei opp her (var denne supre internetten igjen).
Her eit bilete av Sven på George Square ein vakker føremiddag. Som dåke ser av heisekranane bak er dei i full gang med å få på plass juledekorasjonane. Litt tidleg ute? Ja...
Håpar alt står bra til med dåke heime :)