søndag 27. mars 2011

Stirling.

Var på fjelltur med Susanne frå Tyskland her ein dag. Me tok buss til Stirling og gjekk så derifrå. Ein flott tur på ein nydeleg dag. Her kjem litt bilete derifrå.

Utsikt på veg oppover.

























Susanne tek pause på toppen.












På toppen. Greit, var gjerne meir haug enn fjell, brukte vel rundt 1,5 time opp. Men fint var det, og bra utsikt.










På toppen her var me. Gjekk etterpå innom ein liten landsby på veg inn til Stirling att, før me var innom slottet der og fekk sett byen. Veldig bra.










Litt harsh? Godt det ikkje er slik heime...












Så her går alt berre bra. Sven byrjar eksamensveka si i morgon, og ser veldig fram til å verte ferdig. Eg nyter dagane i parken med gode bøker, litt praktiske ting, og nedvask av leiligheita.

mandag 14. mars 2011

Straks tilbake.

Hei.
Har ikkje skrive noko på ei stund, og det er grunna eg drog heim att for å jobbe litt. Det viste seg at det fantes få andre utvegar, så då vart det slik. Har vel vore heima i rundt 3 veker no, og har fått jobba litt på Stord sjukehus. Heilt greit. Så no er eg klar for å dra attende til Glasgow og Sven. Gleder meg til det, kjenner at det er der eg bur for tida, sjølv om det er stort sett det eg gjer der. Å bu altså. Så då dra eg på onsdag, og blir der rundt 2 veker, før me reiser til London og New York. Veldig kjekt!

Gleder meg også til å henge på Apple-huset att.