torsdag 17. februar 2011

Ei verd utan sjokolade...

Idag sat eg å las i boka mi på ein cafè  (ja, det var Starbucksen), då to unge gutar, omtrent i 15-års-alderen sat seg ved sidan av meg (på Starbucks vegrer ein seg ikkje for å site nærast oppå sidemannen). Eg fortsatte å lese i boka mi, men kunne ikkje la være å høyre på kva dei snakka om. For dei sat nemleg å spekulerte i korleis verda hadde vore om det ikkje hadde funnes sjokolade. Litt facinerande eigentleg, for korleis hadde det vore då? Eg kjende ei lita tristheit smyge seg fram, for gjer ikkje sjokolade ein litt lukkelegare? Vart også litt redd, då deira diskusjon konkluderte i evinneleg krigføring og evig sinte mennesker (djupt reflekterte og fornuftige gutar dette her). Men heldigvis så finnes sjokoladen. Og for å feire at smaken min kom delvis attende igår gjekk eg på Lidl og kjøpte store mengder kindersjokolade (føles nemleg litt feil å ete sjokolade utan smak). Så no ligg eg på sofaen, litt kvalm, og litt angrande, men veldig glad for at sjokolade, særleg kindersjokolade, finnes.

Så over til noko anna. Idag var eg også å etterlyste ein film som vart kjøpt på ein cd-butikk i helga, og som ein trudde var gjenglømt på butikken. Med lite håp om å sjå filmen att, tok eg turen for å spørje, gjerne mest for å ha gjort det. Etter 5 min. fekk eg ein heilt ny film, utan nærare spørsmål, dei hadde sjekka registeret og det var ein film for mykje. Så då stod eg der, måpande, med filmen i handa. For er det berre meg, eller synes andre at få ting hender gratis, og i alle fall ikkje utan litt diskusjon eller ein kvittering? Og eg må jo då berre spørje, om det er eg som har vorte så kynisk (og litte granne negativ), eller er det resten av verda?

For her ein dag tok eg òg min kjære Mac med på Apple-huset, for å få litt tips sidan den har vorte så treig. Med det resultat at mannen fiksa maskinen min og så sendte den inn for å erstatte dekselet, gratis... Kan det verkeleg skje? Også då vart eg heilt satt ut, og fekk ei kjensle av at det faktisk finnes håp. Og uansett har eg fått ein ny plass å tilbringe dagane, på Apple-huset blant alle desse kjekke, ikkje-kyniske folkene. Og i tillegg har ein glad mac på betringens veg.  Hurra!

Besøk.

No har det nok ein gong vorte veldig stille i 63 Miller street. Besøket har reist heim att. Men hjelpe meg for eit kjekt besøk. Marte, Kristoffer, Marita og Aleksander. Dei entra byen på fredagskvelden, og sjølv om me venta på feil togstasjon, så vart besøket funne til slutt, og trygt frakta til sine respektive buplassar. Så helga den gjekk i mykje sightseeing, eindel shopping og mykje god mat og drikke. Hadde det rett og slett utruleg kjekt, og fekk inntrykk av nokre fornøgde (om litt slitne, og litt vondt i føtene) turistar som drog til Edinburgh på tysdagen. Fekk vist dei nokre av dei mest populære sightsa i Glasgow, og prøvd å gitt eit godt inntrykk av byen.

Her luncher me på Willow Tea Rooms. Noko stiv cafè, men er byens store helt, mr Machintoch som står for dekoren. Og er det avmerka som sight på kartet, må det nesten sjekkes ut.
Klar for å entre kunstskulen, også av byens kjente arkitekt. Eit veldig flott, og noko spesielt bygg, som absolutt var verdig ein nærare kikk.
Flinke turistar på tur.


Her er me i botanisk hage i West End. Var mest å sjå i drivhusa, noko som vel seier seg sjølv sidan det er heller lite blomstring ute i februar.




Kristoffer tar ein nærare kikk på dei kjøttetande blomane. Dei var ganske facinerande (og noko skumle).
Marita blant orkidèane.













Me var å høyrte på jazz på "The Butterfly and the Pig". Dei var veldig flinke, og me var fornøgd med å ha ramla over konserten.
Marte og Kristoffer. Nye funksjonar på kamera vert utprøvd heile tida.
Som så alment kjent, er god shopping ein av Glasgows spesialitetar, så då var det nesten ikkje anna å gjera enn å sjekka ut butikkane. Og noko enda meir kjent, er vel at shopping tek knekken på dei fleiste, så då er det berre å flykte ned på næraste benk.
Her er me på Kelvingrove Museum i West End. Også museum kan verte litt mykje i lengda, men kjekt å få med seg likevel, gjerne mest for å hjelpe på shopping-samvitet.









Så som ein kan sjå, har helga bydd på veldig mykje. Har hatt det kjempekjekt, og det vart litt tomt her då dei drog. Men me har kost oss veldig ilag, og har blant anna nokre gode karaokeopplevingar å sjå tilbake på. Say no more...

torsdag 10. februar 2011

Sol og varme.

Idag har det faktisk vore eit nydeleg vèr her, med sol, blå himmel, og til og med litt varmt. Deilig. Og som nemnt tidlegare blomstrer gjerne Signes optimisme noko meir på slike dagar. Så er no temmeleg sikker på at ting kjem til å ordne seg til slutt. For det gjer vel det for snille jenter? Og i morgon kjem det besøk. Perfekt.

Her er frå parken i West End, Kelvingrove Park. Det er delar av Glasgow University ein ser i bakgrunnen. Eit utruleg flott bygg.


Sat vel rundt 2 timar i omtrent same positur. Det kom ein mann og sat ved sidan av meg i 45 min., og han sovna ganske så tungt. Men turte ikkje ta bilete av han. Sjølvutløysar er ein fin ting.


Og så kom Sven ein tur etter skulen, og saman gjekk me rundt i nye og ukjende terreng i fine West End. Enda opp med lunsj på ein veldig koseleg cafè.

tirsdag 8. februar 2011

Heihei.

Her skurer og går det, er fine dagar for tida. Eg gjekk faktisk til det skritt å seie opp jobben min på laurdag. Noko dumt og lite gjennomtenkt kan ein gjerne tenke, men det vart rett og slett nok. Det får vera grenser for kva ein skal finne seg i når ein er 24 år i ein jobb til mindre enn kr 50 per time. Det som hendte, for å forklare det heilt kort, var at sjefen min plutseleg vart misfornøgd med arbeidet mitt (4 dagar tidlegare var han svært nøgd), og byrja å kjefte på meg. Eg skjønte då ingenting, forsøkte fyrst å forsvare meg, men fekk så som sagt nok. Sa opp, tok lønna mi, og gjekk. Eigentleg ganske nøgd. Dei som har motteke litt jamnare oppdateringar veit at han sjefen ikkje var noko å samle på. Og så tok det vel rundt 15 min. før eg innsåg at eg no ikkje har noko å gjera. Men av og til hender det uventa, og i det store og heile lever eg litt på den at "det ordner seg til slutt". For det gjer vel som oftast det, ikkje sant? Så då er det berre å vente. 

Så dei siste dagane har mykje energi gått til å vera positiv. Veldig positiv. Og resten av energien har gått til mild irritering av at eg verken kjenner lukt eller smak. Er vel mest lukt eg ikkje har, men då dermed ingen smakssans heller. Sist eg lukta noko er omtrent 3 veker sidan, og byrjer å verte lei no. Klart det er almenn kunnskap at visse sider av ein forkjølelse er vanskeleg å unngå, men det får vera grenser. 3 dagar, greit. 3 veker, vel... Ein innser ikkje vanlegvis handikappet med å vera utan luktesans, kva det faktisk innebærer. Er liksom ikkje heilt det same å kome heim til koseleg, ferdig middag, når det einaste ein kan skryte av er utsjånad og konsistens. Og her ein dag oppdaga eg ein pub som faktisk serverte eit norsk øl, og blid og fornøgd gjekk eg hen og bestilte, for så å oppdage at det då spelte liten forskjell... Eg merker no at eg rett og slett er lite klar for å rusle gjennom resten av livet utan å kunne lukte eller smake på det, så krysser fingrane for at det  betrer seg snart (ja, fekk i går for meg at dette kanksje ikkje var midlertidig, positiv som eg er).

Får forresten besøk på fredag. Då kjem Marita, Aleksander, Marte og Kristoffer. Og gjett om eg gleder meg! Ein stor fordel er jo at eg no faktisk har tid til å vera med dei i helga, ikkje sende dei ut aleine i ein stor, ukjend by, medan eg er på jobb. Signe er der for å guide og halde alle utanfor trøbbel. Det eg kan best. 

Og så er det jo slik, at ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko. Er mykje ein får tid til medan ein venter på at ein kjempepositiv og uventa moglegheit skal kome. Blant anna lage frukost (og ete saman). Korleis det smakte veit eg ikkje, men det såg godt ut. Nybakte scones og alt.

Fekk diverre ikkje til å snu biletet rett veg, men er berre å snu dataen eller hovudet så ordnar det seg.

Ein får tid til å sitte på ein benk og bli teke bilete av. Sjeldan ein ikkje har tid til ein slik fin, liten handling, men god tidsfordriving er det uansett. 

Og ikkje minst tid til å bruke innmari lang tid på sjølvutløyserbilete på ein benk i ein park. 

mandag 7. februar 2011

Litt bilete.

På tur langs elva Clyde ein solrik dag.




Dette er Sven. I Kelvingrove park. Er alltid kjekt med nytt kamera, og då særleg å forsøke seg på portrettbilete.





Og her er eg. Er ein på tur med Sven må ein regne med at på fyrste og beste benk (uansett kor spontan turen er), så er Svens fyrste spørsmål: "Skal det være noe kaffe?". Slår sjeldan feil, og ser det som særs positivt. (Ein kan jo også legge merke til kaffekoppen på benken på det fyrste biletet her.)

Buchanan street. Hovudgata i Glasgow, med alle klesbutikkane på rad og rekke oppover. På ein laurdags føremiddag er det meget facinerande å stå på toppen og sjå dei hundrevis av menneskene som går her. Er heilt utruleg kor mykje folk det faktisk kan befinne seg på éin plass.


Utsikt over byen frå "The Lighthouse". Er noko disig, men ein får likevel eit inntrykk av denne store, industriprega byen. Som er litt fin på sin særeigne måte.

Kelvingrove Park ein disig ettermiddag.

Sven i leiligheita.