tirsdag 29. november 2011

Upps..

Ser dei to øvste bileta kom oppå kvarandre. Må diverre innrømme at eg er litt for lite teknisk (og trøytt nett no) til å ordne det. Så ein må rett og slett berre bite det i seg og lese vidare... Var gjerne også litt stilig? God natt :)

Linda på besøk.

I helga var Linda på besøk her. Var å henta henne ganske seint på kveld torsdagen , og ho var her til søndag. Hadde ei utruleg kjekk helg, med shopping, sightseeing og berre å få vera saman med Linda. Me koste oss veldig, og her kjem litt bilete frå helga vår.


I Glasgow blir det å shoppe nesten litt obligatorisk. Det er tross alt ein veldig bra shopping-by. Så det var rett og slett ikkje anna å gjere, enn å få unna nokre timar i alle dei butikkane som er her. 

Lunsj må ein ha, og her ser ein fine Linda innta den. 

Litt sightseeing fekk me dog også gjennomført, til tross for voldsomme regnbyger og nesten litt storm. Skal sjølvsagt ikkje klage, etter det véret som har vore heime, men litt strevsomt var det då her med. Her foran Glasgow University. Eit obligatorisk stopp (uansett vér). 

Linda og Sven les ivrig, på veg opp til Hunterian museum. 

Her er me på "A play, a pint and a pie", på Oran Mor i West end. Veldig kjekt. Eit teaterstykke med mykje god musikk som vart vist denne veka. Vel verdt ein tur. 

Her er Linda og Kyla. Me tok oss ein tur innom Lykke, som feira bursdagen sin. Veldig koselig, og kjekt at Linda fekk møtt nokre av dei eg er eindel med her borte. 

Var eindel betre vér på søndagen (les: knall blå himmel og full sol), så tok oss ein runde nede langs elva. Byen viser seg frå ei heilt anna side med ein gong sola skinner litt. 

Eit bilde ved frukost-bordet. Veldig koselig. 

Til slutt kjem då adventsstaken vår. Sidan det var fyrste sundag i advent.. På eine sida kan ein vel seie det er litt kjedelig me kun har 3 flasker.. medan ein på andre sidan kan seie det er fint me ikkje har drukket så mykje vin :) 

Hadde uansett ei kjempefin helg med Linda på besøk, og gleder meg til å sjå henne meir når eg drar heim i neste veke :) I morgon drar Sven til Oslo, og skal vera til torsdag. Han skal på intervju til DNV (Det Norske Veritas), så håpar det går fint. Eg skal site att i leiligheita og sture.. eller lese til eksamen eg skal ha i neste veke. Alt etter som. Snakkes! 

torsdag 24. november 2011

Biltur.

No sit eg her og venter på Linda som er på veg over. Ho skal vera her i helga, og eg gleder meg nesten ihel. Svært så sakte tida skulle gå, så då tenkte eg det var på sin plass med ei lita oppdatering. Legg ut eindel bilete frå helga vår, der meg og Sven leigde bil og la avgarde sørover, til Lowlands og Nord-England. Kjempekjekt!
Fyrst eit bilete av gliset. kjempesøt liten bil var det, god å køyre. Dette er frå Stranraer, som er ein liten teittstad heilt sør i Skotland.

Her er frå Ayr, ein by nokre timar sør for Glasgow. Kanskje ikkje det mest interessante bilete, men dog. Det er det eldste huset i mils omkrins, bygd på 13/1400-talet ein gong trur eg det var.












Her er me på ei strand ikkje så langt unna Stranraer. Ganske øde, nokså kaldt, men veldig fint. Så då vart det sjølvutløysar. Det er ei stor bukt, som inntil for nokre år sidan vart brukt til noko prøvebombing. Så på kartet er heile området merka "danger sone", noko me fann veldig spanande, så måtte jo ta turen.


Her er eit slott me kom over undervegs, som heiter Threave. Det ligg langs elva Dee, ikkje så langt unna Dumfries.


Nokre hindringa for å kome til dette slottet, blant anna ein liten flom i stien.



















Fine haustfargar er det fortsatt, til tross for seint november.

Det var tidenes kart me hadde fått tak i over England. Lite populært når eg skulle brette ut dette her i bilen kan du seie...



Sven som gjer eit lite hopp foran festningen i Carlisle.


Fortsatt på tur i Carlisle. Noko typisk turist-bilete gjerne, men vart så søtt at eg måtte nesten ta det med.






Her er me kome fram til York. Forøvrig ein utruleg fin by, der me koste oss masse frå søndag til tysdag, før me køyrte heim att.












På museum. York Caste Museum.



Litt vandring rundt i overpynta julegater. Koselig er det likevel.


Del av slottet i York.













Vandring på muren, som fortsatt omkransar nesten heile bykjerna.






















York Minster. Ein heilt enorm katedral. Det andre bilete er av meg som beundrar taket inne. Heise flott.








Sven på veg ned gjennom dei trange små trappene frå eine tårnet.

Kake blir det alltid tid til. Sånn er det berre.


Signe ved rattet på veg heim. Måtte nesten dokumentere at eg køyrte litt eg óg. Var meget skummelt igrunn å køyre på vesntresida. Fyrste gang vart eg så stressa at eg gløymte eg måtte gire. Men det gjekk fint. Kompromisset vart Signe på dei små landevegane, og Sven på dei store, som motorvegen. Veldig greit.



Tåkehav.

Så der var ganske mange bilete. Ikkje alle like interessante, eg ser den. Men tida gjekk no litt, så no skal eg snart plukke opp Linda, på den stasjonen ho enn hamnar på. Me skal kose oss masse i helga, og håpar dåke gjer det same. Eg har forresten prøvd å ordne litt på dei kommentar-instillingane, men ser at det kun går å kommentere av og til. Skikkeleg dumt, men håpar dåke får det til innimellom.

God helg!

fredag 18. november 2011

Ingeniør del to.

Heihei.
Veit eg har sagt det før, men eg seier det igjen: Å vera kjærast med ein ingeiør kjem ofte godt med. Har jo tidlegare skrytt av Svens vindus-tettings-eigenskaper, men denne guten kan fleire lure ting. Eg har jo nemnt tidlegare den TV-en me fann nede ved bosset, som virka så fint, og me kunne ikkje skjøne kvifor nokon kunne kaste den. Så klart det var ein grunn for det, og eg, litt små-pessimistisk som eg er av og til, var litt rett heile greiene skulle sprenge. Men den slutta rett og slett å sku seg på. Er ikkje det at me ser så innmari mykje på TV, men når ein fyrst har ein så flott ein, som ein har fått opp på veggen og alt, er det dog litt utgjort... Så me skur den opp (ja, på dette tidspunkt var det faktisk me), og finn problemet. Nokre blå greier som hadde utvida seg. Ikkje bra seier Sven. Eg seier meg berre einig for å ikkje virke heilt dum. Så han ned på jernvarebutikk og kjøper nokre delar (4 sånne små blå ting), og fikser heile saken med nokre smelte-verktøy. Så no virker den att :)

Merker jo at Sven gjerne skulle vore her no medan eg skriv dette, for lyser vel klårt gjennom at eg veit ikkje heilt kva eg snakkar om. Men meget avansert var det, så utan tvil.

Litt info frå nettet er alltid lurt. Det eg synes var mest morosamt i denne situasjon, var at Sven insisterte på å sitje ved sidan av TV-en i sofaen.. ser det ikkje så godt her, men var veldig liten plass :)

Slik ser det ut inni. Litt lite innhald i ein så stor tig synes no eg.


Menmen, nok om dette. Vart gjerne litt mykje, men må jo få skryte litt berre. Eller går det mykje i skule for tida. Eg har brukt veka på ei oppgåve eg nett har levert, og Sven er svært flink student og sit mykje på skulen.

No må eg springe avgårde, skal faktisk spele konsert med Concer Bandet mitt. Hjelpe meg. Men det blir kjekt, er ganske casual i grunn, der me skal spele for nokre avgangselevar på skulen. Ha ei god helg  alle saman! Me leker litt med tanken på ein ny ekskursjon av eit slag. Får sjå kva det blir til :)

torsdag 10. november 2011

Besøk!

Heihei.
Litt sein oppdatering frå helga her, då eg har gjennomført ei totalrenovering av macen, og har teke litt tid før eg har funnet ut av alt dette nye. Hadde ei utruleg kjekke helg, med besøk frå austlandet, av Jorunn og Ingvild. Veldig koselig indeed. Byrja litt sånn over stokk og stein, då eg heilt hadde missforstått kva dag dei kom (hadde fått tydeleg beskjed og alt, hadde berre ikkje fått det heilt med meg). Så då Jorunn ringte torsdagen, og sa dei var på toget frå Edinburgh, og i Glasgow om 40 min, vart eg litt satt ut. Men etter ekstremt effektive 30 min, var leiligheiten klar for besøkande :)

Fredagen gjekk i litt obligatorisk shopping, sidan det tross alt er tidenes shoppingby og litt sightseeing. På laurdagen vart det meir å sjå seg rundt. Og synes absolutt denne nokså grå industri-byen viste seg frå si beste side, med knall blå himmel og strålande sol.
Lunch på Willow tea rooms i buchanan street. Følte oss veldig britiske med 3-etasjers smørbrød-og-kake-brett :)












Jorunn og Ingvild under dei fine lysa utanfor Goma. Litt tidleg å pynte til jul, men nett desse lysa er ganske fine. 

På veg opp til Lighthouse for å få litt utsikt over byen. 

Utsikt over byen. 


Fint bilete av fine jenter på toppen av Lighthouse.


Filmsjåing om Art Noveu. Noko usikker på skrivemåten der, men ein skjøner teikninga. 













University of Glasgow. Noko skeive bilete ser eg no, men det får heller vera. Eit utruleg flott bygg, på eit veldig fint område, men full skue over Kelvingrove park. 

Fortsatt utanfor universitetet. Fine haustfargar er det enda. 


Nok eit mat-bilete, men denne gangen frå frukost på søndagen, før jentene drog avgårde med toget igjen. Skikkeleg skotsk frukost. 



Til slutt eit bilete frå parken, der meg og Sven tok ein tur litt seinare på søndagen. Før den lite hyggelige cup-finalen. 

Som ein kan sjå, har det vore ei utruleg kjekk helg. Fekk inntrykk av at besøket også koste seg, så veldig vellykka. Ein kan også sjå at flotte guida turar, der byens beste sider vert framvist, er i vente, om ein kjem på besøk hertil :) 

Ellers var me på Ane Brun konsert igår, noko som var utruleg bra. Veldig spesielt med ein så stor artist heime, i eit lite lokale i Glasgow. Absolutt ei oppleving. Ha ein vidare flott dag, alle saman. Og gratulerer med dagen til min kjære Marlene. Klem

onsdag 2. november 2011

Halloween.

Legg ut litt bilete frå helga, då me på laurdagen var med på Halloween-feiring saman med ANSA, som er for norske studentar i utlandet. Eg som sterkt misliker utkledning, anvendte kostymet Sven brukte ifjor. Litt stort, men med nokre knutar og teip hang det på. 
Her er me i stova heime før avgang. Om det skulle herske nokon tvil, så er altså Sven ein pingvin.

Og det var nok ikkje berre Sven heller, heile gute-gjengen hadde då gått saman om kostymet, så var pingvinar overalt.


Her er Kyla og Anskey. Dei er Zombiar.

























Må då også seie at me har fått oss ny TV. Du vil nok no spørje kvifor me vil bruke mykje penger på ein så flott flatskjerm her borte, og då må eg svare at det har me ikkje gjort. For underleg nok, her forleden dag på veg ut, såg Sven ein stor TV som var kasta i boset, det låg ved alle søppeldunkane utanfor. Så me tok det inn berre for å sjekke om det virka. Og det gjorde den faktisk. Så me hang den opp, og er svært godt nøgde med dealen :)

Ha ei fortsatt fin veke! Me får besøk i helga av Jorunn og ei venninne av henne. Gleder oss masse, blir veldig kjekt.