Då kan ein seie at eg er godt igang med jobbinga, og at det faktisk viser seg å vera ein ganske koseleg og grei jobb. Pusler rundt i caféen, serverer, snakkar med folk, lagar kaffi og brenner litt toast innimellom. Det som då viser seg å vera eit lite kultursjokk omhandlar hygiene. For her vaskar ein nemleg verken koppar, fat eller bestikk. Ein tørker berre lett av, og serverer det til neste kunde. Og ein skulle jo gjerne tru at ein kunde kan verte litt oppskaka om ein får servert kaffi i skitten kopp med gamle leppestiftmerke rundt heile kanten. Men neida, enten later ein som ingenting,"no worries", eller spør fint om ein ny kopp. Eg for min del hadde nok ikkje kome attende til same caféen. Men som så ellers er, så vert ein vant med det. Også eg tek meg sjølv i å tørke lett av, men tek i alle fall vekk leppestiftmerkene.
Og så er det jo også slik, at Signe har ein tendens til å tenke mykje over og rundt ting. Og det som eg no lurar på, er kvifor det alltid er slik at når ein endeleg får eit tilbod, så får ein også så mange fleire? For den her jobbsøkinga mi var ganske vrien i halvanna månad, med ingen respons, og altfor mange søknadar utlevert. Men når ein då fyrst får ein jobb, så ringer det frå alle moglege andre jobbar også. Fleire barar og restaurantar, til og med den koselege caféen eg var på prøvejobbing til, den eg så gjerne ville jobbe på med dei kjekke folkene, også der ringte dei og lurte på om eg fortsatt var interessert. Er det ikkje utgjort? Får dei ein følelse av at dei ville ha meg likevel, sidan eg no har fått ein jobb?
Ein annan ting eg lurer litt på, er kvar alle due-borna er? Kvifor ser ein berre vaksne duer, og ingen born. Er dei i reir, eller kvar er dei? Dei kan jo ikkje vera fullvaksne frå fyrste stund?
Ein siste ting, er at eg herved har fått min fyrste venn på eigenhand. Det vil ikkje seie at eg ikkje har vorte kjent med folk sidan me kom. Eg har møtt mange kjekke mennesker, og blitt kjent med mange, særleg gjennom Sven og hans klasse. Men eg har no møtt nokon gjennom det korpset eg begynte i (og har slutta i, sidan eg må jobbe seint kvar torsdag), og der er det ei som no har gått frå bekjent til venn (i alle fall i mine auger). Ho heiter Kathryn og er veldig grei. Hurra! Flink Signe.
Så her er alt berre bra, siste nytt på leiligheitsfronten er tetningslister. Så no har me gått frå 14 grader i stova til levelig. Kva skulle ein gjort utan ein ingeniør i hus? Håpar alt er bra med dåke heime.
torsdag 28. oktober 2010
torsdag 21. oktober 2010
Jobb!
Hurra! Då har Signe endeleg fått ein midlertidig jobb, medan ein venter på at autorisasjonen skal verte godkjent. Det er ein koseleg kaffeplass/café, eit lite stykke unna sjølve sentrumskjerna. Fleist stamkundar, og stort sett kun ein som jobbar der, noko som ikkje var heilt min plan, sidan eg også skulle samle venner. Men venner får ein då få ein annan plass, og jobb er jobb. Til tross for høgt tempo til kr 50,- per time, er det ein veldig lettelse å sleppe å gå rundt aleine på jobbsøking mykje av dagane. Å ha noko ein skal gjera, og vera blant folk. Meget bra!
Ellers tilbringte me forresten delar av forrige helg i Edinburgh, som er ein utruleg flott by, nesten så ein tenker at det var der ein skulle budd.. Men då er det greit at det kun er 1 times busstur unna. Sven har lange, men interessante dagar på skulen, med forståelege og ikkje fullt så forståelege førelesarar. Men veldig kjekk klasse, og lærerike førelesningar.
Så alt vel her, godt at ting no faller litt på plass, eg var ganske oppgitt ein periode, og lurte på korleis dette eigentleg skulle gå. Men no smiler byen litt meir likevel. Håpar alt er bra med dåke heime.
Ellers tilbringte me forresten delar av forrige helg i Edinburgh, som er ein utruleg flott by, nesten så ein tenker at det var der ein skulle budd.. Men då er det greit at det kun er 1 times busstur unna. Sven har lange, men interessante dagar på skulen, med forståelege og ikkje fullt så forståelege førelesarar. Men veldig kjekk klasse, og lærerike førelesningar.
Så alt vel her, godt at ting no faller litt på plass, eg var ganske oppgitt ein periode, og lurte på korleis dette eigentleg skulle gå. Men no smiler byen litt meir likevel. Håpar alt er bra med dåke heime.
mandag 18. oktober 2010
Haust i Glasgow.
Ein ny liten oppdatering frå Glasgow. Her er hausten kome for fullt, med kaldare dagar og fine haustfargar. Signe leiter fortsatt etter ein midlertidig jobb, men er ikkje så heilt enkelt, med ei så voldsom arbeidsløyse. Er vel oppe i rundt 80 utleverte CV-ar, som jo er ganske mykje. Har eit nytt intervju i morgon, og krysser alle fingre og tær. Sven er ganske travelt oppteken med skule, men seier det er interessante fag, og kjekke folk han går med. Ellers er me fortsatt ganske imponert over byen i seg sjølv, med alle dens folk og alt som skjer heile tida. Har blitt kjent med mykje kjekke folk her. Det er verkeleg ein flott by, og oppmuntrer sterkt til besøk snart :) Håpar alt er bra med dåke heime.
torsdag 7. oktober 2010
Prøvejobbing.
Etter utlevering av over 50 søknader og CV-ar på diverse barar og caféar, ein ekstremt overpositiv og arbeidsvillig Signe utan snev av relevant erfaring, ringer det endeleg frå éin café. Den fortsatt overpositive Signe går på intervju, som består av 10 min. einvegskommunikasjon frå caféeigaren som forklarer nøye at han har over 200 søkarar på annonsen, og at det er mildt sagt "kjøpars marked" fortida. Vidare seier han at magefølelsen heller mot den meget uerfarne Signe, og at eg kunne få éin sjangse til å bevise at eg var "den fødte caféarbeidar". Den sjangsen har eg no gjennomført, og den besto i 5 timar oppvask for hand. For neida, her skal ein ikkje ha oppvaskmaskin. Så no gjenstår det å vente, og sjå om eg faktisk er den fødte caféarbeidar. Det er ein liten, koseleg og veldig travel café, og utruleg kjekke folk som jobbar der, så eg krysser fingrane, og håpar alle andre gjer det med. For det å få sin sjukepleiarautorisasjon godkjent hos NMC, det er ikkje berreberre, og det tek veldig lang tid. Så ein midlertidig jobb er viktig. Ellers har Signe begynt i eit Concert Band, på jakt etter venner. Så så langt, alt vel.
Sven har begynt sine lange dagar på skulen, og har fått ordna det slik at han slepp å skrive ei ny bachelor-oppgåve. Er veldig fornøgd med den. Så alt vel på den fronten óg. Ellers så er me eindel på universitetets treningssenter, og koser oss veldig i leiligheita. Hadde ein veldig kjekk bursdagsfeiring/innflytningsfest forrige laurdag, stort sett beståande av "Glasgows norske gjeng". Håpar alt er bra med dåke heime.
Sven har begynt sine lange dagar på skulen, og har fått ordna det slik at han slepp å skrive ei ny bachelor-oppgåve. Er veldig fornøgd med den. Så alt vel på den fronten óg. Ellers så er me eindel på universitetets treningssenter, og koser oss veldig i leiligheita. Hadde ein veldig kjekk bursdagsfeiring/innflytningsfest forrige laurdag, stort sett beståande av "Glasgows norske gjeng". Håpar alt er bra med dåke heime.
Abonner på:
Innlegg (Atom)