fredag 31. desember 2010

Jul og nyttår.

Her kjem eit lite innlegg, gjerne mest for å halde bloggen i live i desse late dagar. Me kom oss (til nød?) heim til jul, midt i Europas snø-kaos, men det gjekk alt i alt greit. Både meg og Sven koser oss no heilt vekk her heime og nyter dagane med familie og vener. God (norsk) mat, drikke og alt det som juletida skal vera. Sven reiser attende til Glasgow på laurdag, og eg blir igjen ei ekstra veke. Så no er det berre å nyte dagane til fulle, før realitetane med eksamen og ny jobbsøking set inn når me kjem attende. Så godt nyttår til alle saman.

mandag 6. desember 2010

Advent.

Då var det endeleg adventstid, og lov å glede seg til jul. I løpet av desse 5 dagane har Signe klart å gjennomføre svært mykje juleglede. Både meg og Sven er igang med adventskalender, og Signe har bakt store mengder (altfor store) pepperkaker og kakemenn. Veldig koseleg, og ein liten utfordring. Er ikkje alle ingrediensar som er så enkle å få tak i her, som hornsalt og malt kardemomme. Så då må ein improvisere og male kardemommen sjølv. Men det gjekk bra. Er flotte advents-forhold her nett no, med minusgrader og snø. Er nydeleg å sjå til, men fungerer dårleg i praksis. For i eit land utan brøytebilar seier det seg sjølv at kaos oppstår. "Snø-kaoset" i Bergen er ingenting i forhold. Til dømes stengte alt av butikkar og skular idag grunna 10 cm. snøfall, og store mengder slaps.

For å spre litt julestemning kjem her eit bilete av dei flotte lysa på George Square. Korleis kan ein unngå å kome i julestemning av slike lysande, blinkande, ekstreme fargar?

Så over til noko anna. I forrige veke var meg og Sven på fjelltur. Er nydelege turområder oppe i Highlandsene her, så endeleg fekk me fingeren ut og kom oss avgarde. Hadde planlagt å gå opp ein topp som heiter "Ben Lomond". Det er rundt ein 6-timers tur, og skal vera veldig fint. Me kom oss avgårde grytidleg og såvidt på riktig buss. Det viste seg då at båten me skulle ta over vatnet ikkje gjekk utanom turistsesongen, så gjekk på ein annan topp me fann. Fint var det, og veldig veldig kaldt. Så gjerne litt seint på året for fjelltur.

Ellers tilbringer Sven heile dagane på skulen, og Signe har svært rolege dagar på jobb. Caféen er nemleg eit stykke utanfor sentrum, så medan alle kundane er på julegåvehandling, drikker Signe kaffe, eter kake og les avis. Veit ikkje heilt om det er bra eller dårleg, men mest dårleg trur eg.. både for omsetjinga og for mi helse. Prøver forresten å legge ut litt fleire bilete, men er litt tekniske problemer her fortida, så er ikkje så lett. Går berre å legge ut bilete frå nettet, derav det flotte ovanfor. Og som dåke observante leserar ser, har bloggen skifta fasade, eller fargar om ein vil. Er meget stolt over det, prøvde meg på nokre skotske ruter i bakgrunnen, men det vart eit hakk for avansert for denne gang...

Håpar alt er bra med dåke heime, me gleder oss utruleg til å kome heim til jul begge to!

mandag 22. november 2010

Oppdatering.

Hei.
No har bloggen vorte forsømt lenge nok, har vore litt dårleg på oppdatering, og beklager den. På den andre sida, er det vel ikkje særleg mykje nytt som har skjedd. Jobbar fortsatt på caféen, og har fortsatt ikkje fått godkjent autorisasjonen her borte. Hjelpe meg, så lang tid det skulle ta, siste nytt er at eg må sende inn oversertjing av fødselsattest, på nytt. For å vera heilt ærleg, så saknar eg sjukepeiar-Signe, café-Signe er ikkje heilt den same.. Så får håpe NMC (Storbritannias autosiasjons-forbund) får fart på seg snart.

Her nærmer det seg jul med stormskritt, igår var det offisiell tenning av Glasgows julebelysning (som har vore oppe og tent i vel 1 mnd. allereie). Det var ein fleire timars lang seremoni med eit enormt fyrverkeri-show. Personleg er eg veldig glad i jula, men lysa, julesongane i november og julegåvehandling som startar i oktober, kan verte litt mykje synes eg.

Hadde besøk av mamma og Marlene i forrige veke, noko som var utruleg koseleg. Fekk vist dei Glasgow og Edinburgh, med det byane har å by på av severdigheiter og shopping. Var på Rocky Horror Show, som vart sete opp i forbindelse med GlasGay, noko som var litt av ei oppleving, med teateret fullt av (noko berusa), veldig utkledde fan, som kunne alle songane og replikkane utanatt. Utruleg kjekt med besøk, så no går eg stort sett rundt og gleder meg til å reise heim til jul. 

Sven er eit noko sjeldant syn for tida, han tilbringer kvar dag, frå tidleg morgon til sein kveld, på skulen. Er visst kjempetravelt, men han trives, og alt går bra. Ellers tok eg endeleg mot til meg, og gjekk til frisøren her. Skjønte med eitt kvifor eg har drøyd det så lenge. For det å skulle skildre hårfrisyren på norsk er vanskeleg nok, og på engelsk vart det heilt umuleg. Endte opp med "peik-og-nikk-strategien, frå diverse blad. Men resultatet vart veldig lite hår igjen på Signe. Det positive er vel at det veks ut att..

Så her går det berre fint, me trives godt begge to. Eg saknar alle dåke heime, pluss smågodt og fiskeboller.

torsdag 28. oktober 2010

Eit lite kultursjokk, mykje tenking og 1 venn på eigenhand.

Då kan ein seie at eg er godt igang med jobbinga, og at det faktisk viser seg å vera ein ganske koseleg og grei jobb. Pusler rundt i caféen, serverer, snakkar med folk, lagar kaffi og brenner litt toast innimellom. Det som då viser seg å vera eit lite kultursjokk omhandlar hygiene. For her vaskar ein nemleg verken koppar, fat eller bestikk. Ein tørker berre lett av, og serverer det til neste kunde. Og ein skulle jo gjerne tru at ein kunde kan verte litt oppskaka om ein får servert kaffi i skitten kopp med gamle leppestiftmerke rundt heile kanten. Men neida, enten later ein som ingenting,"no worries", eller spør fint om ein ny kopp. Eg for min del hadde nok ikkje kome attende til same caféen. Men som så ellers er, så vert ein vant med det. Også eg tek meg sjølv i å tørke lett av, men tek i alle fall vekk leppestiftmerkene.

Og så er det jo også slik, at Signe har ein tendens til å tenke mykje over og rundt ting. Og det som eg no lurar på, er kvifor det alltid er slik at når ein endeleg får eit tilbod, så får ein også så mange fleire? For den her jobbsøkinga mi var ganske vrien i halvanna månad, med ingen respons, og altfor mange søknadar utlevert. Men når ein då fyrst får ein jobb, så ringer det frå alle moglege andre jobbar også.  Fleire barar og restaurantar, til og med den koselege caféen eg var på prøvejobbing til, den eg så gjerne ville jobbe på med dei kjekke folkene, også der ringte dei og lurte på om eg fortsatt var interessert. Er det ikkje utgjort? Får dei ein følelse av at dei ville ha meg likevel, sidan eg no har fått ein jobb?

Ein annan ting eg lurer litt på, er kvar alle due-borna er? Kvifor ser ein berre vaksne duer, og ingen born. Er dei i reir, eller kvar er dei? Dei kan jo ikkje vera fullvaksne frå fyrste stund?

Ein siste ting, er at eg herved har fått min fyrste venn på eigenhand. Det vil ikkje seie at eg ikkje har vorte kjent med folk sidan me kom. Eg har møtt mange kjekke mennesker, og blitt kjent med mange, særleg gjennom Sven og hans klasse. Men eg har no møtt nokon gjennom det korpset eg begynte i (og har slutta i, sidan eg må jobbe seint kvar torsdag), og der er det ei som no har gått frå bekjent til venn (i alle fall i mine auger). Ho heiter Kathryn og er veldig grei. Hurra! Flink Signe.

Så her er alt berre bra, siste nytt på leiligheitsfronten er tetningslister. Så no har me gått frå 14 grader i stova til levelig. Kva skulle ein gjort utan ein ingeniør i hus? Håpar alt er bra med dåke heime.

torsdag 21. oktober 2010

Jobb!

Hurra! Då har Signe endeleg fått ein midlertidig jobb, medan ein venter på at autorisasjonen skal verte godkjent. Det er ein koseleg kaffeplass/café, eit lite stykke unna sjølve sentrumskjerna. Fleist stamkundar, og stort sett kun ein som jobbar der, noko som ikkje var heilt min plan, sidan eg også skulle samle venner. Men venner får ein då få ein annan plass, og jobb er jobb. Til tross for høgt tempo til kr 50,- per time, er det ein veldig lettelse å sleppe å gå rundt aleine på jobbsøking mykje av dagane. Å ha noko ein skal gjera, og vera blant folk. Meget bra!

Ellers tilbringte me forresten delar av forrige helg i Edinburgh, som er ein utruleg flott by, nesten så ein tenker at det var der ein skulle budd.. Men då er det greit at det kun er 1 times busstur unna. Sven har lange, men interessante dagar på skulen, med forståelege og ikkje fullt så forståelege førelesarar. Men veldig kjekk klasse, og lærerike førelesningar.

Så alt vel her, godt at ting no faller litt på plass, eg var ganske oppgitt ein periode, og lurte på korleis dette eigentleg skulle gå. Men no smiler byen litt meir likevel. Håpar alt er bra med dåke heime.

mandag 18. oktober 2010

Haust i Glasgow.

Ein ny liten oppdatering frå Glasgow. Her er hausten kome for fullt, med kaldare dagar og fine haustfargar. Signe leiter fortsatt etter ein midlertidig jobb, men er ikkje så heilt enkelt, med ei så voldsom arbeidsløyse. Er vel oppe i rundt 80 utleverte CV-ar, som jo er ganske mykje. Har eit nytt intervju i morgon, og krysser alle fingre og tær. Sven er ganske travelt oppteken med skule, men seier det er interessante fag, og kjekke folk han går med. Ellers er me fortsatt ganske imponert over byen i seg sjølv, med alle dens folk og alt som skjer heile tida. Har blitt kjent med mykje kjekke folk her. Det er verkeleg ein flott by, og oppmuntrer sterkt til besøk snart :) Håpar alt er bra med dåke heime.

torsdag 7. oktober 2010

Prøvejobbing.

Etter utlevering av over 50 søknader og CV-ar på diverse barar og caféar, ein ekstremt overpositiv og arbeidsvillig Signe utan snev av relevant erfaring, ringer det endeleg frå éin café. Den fortsatt overpositive Signe går på intervju, som består av 10 min. einvegskommunikasjon frå caféeigaren som forklarer nøye at han har over 200 søkarar på annonsen, og at det er mildt sagt "kjøpars marked" fortida. Vidare seier han at magefølelsen heller mot den meget uerfarne Signe, og at eg kunne få éin sjangse til å bevise at eg var "den fødte caféarbeidar". Den sjangsen har eg no gjennomført, og den besto i 5 timar oppvask for hand. For neida, her skal ein ikkje ha oppvaskmaskin. Så no gjenstår det å vente, og sjå om eg faktisk er den fødte caféarbeidar. Det er ein liten, koseleg og veldig travel café, og utruleg kjekke folk som jobbar der, så eg krysser fingrane, og håpar alle andre gjer det med. For det å få sin sjukepleiarautorisasjon godkjent hos NMC, det er ikkje berreberre, og det tek veldig lang tid. Så ein midlertidig jobb er viktig. Ellers har Signe begynt i eit Concert Band, på jakt etter venner. Så så langt, alt vel.

Sven har begynt sine lange dagar på skulen, og har fått ordna det slik at han slepp å skrive ei ny bachelor-oppgåve. Er veldig fornøgd med den. Så alt vel på den fronten óg. Ellers så er me eindel på universitetets treningssenter, og koser oss veldig i leiligheita. Hadde ein veldig kjekk bursdagsfeiring/innflytningsfest forrige laurdag, stort sett beståande av "Glasgows norske gjeng". Håpar alt er bra med dåke heime.

mandag 27. september 2010

Leiligheten vår.

Her kommer noen bilder av leiligheten vi bor i. Hadde en litt trang første uke med fire personer på 40 kvadrat, men det gikk helt fint.
Stue

Kjøkken

Mer kjøkken

Soverom

Bad




tirsdag 21. september 2010

Jobbsøking og skuleregistrering.

Då er Signes jobbsøking offisielt i gang. Sat inn giret for nokre dagar sidan, og har no levert søknad og CV til diverse barar og caféar. Så langt utan hell. Men held motet og sjarmen oppe og håper på det beste. Gjeldande for Sven er skuleregistrering. Det høyres kanskje greit ut, men registreringa her skal ein ikkje kimse av. I alle fall når det viser seg at ein ikkje har vorte teken opp på skulen i heile tatt. Men lånekassen har overført pengane, og så lenge ein har pengar, ordner det meste seg. Så det har ordna seg. Ellers glir me meir og meir inn i dette storbytilværets pulserande liv, og koser oss. No skal me på konsert. Håpar alt er bra med dåke heime.

søndag 19. september 2010

The scottish highland.

Her i Glasgow har me det bra, nyter fortsatt litt ferie før gutane byrjar på skulen på tysdag, og Signe for alvor set inn jobbsøkings-giret. I går var me på lang guida tur, og med lang meines over 600 km på vegen, nærare bestemt rundt 13 timar i buss. Skal ein fyrst sjå litt meir av Skottland, vil ein gjerne sjå mykje. Det var veldig kjekt, og me fekk sjå nærare for eit flott land dette eigentleg er. Guiden/sjåføren var ein morosam mann eit stykke over pensjonsalder, som viste seg å tidvis være noko utolmodig i trafikken. Turen gjekk forbi Loch Lomond, Storbritannias største ferskvatn i areal, og vidare opp til Nessie-leiting i Loch Ness. Fann ingen monster, men kjekt å ha vore der likevel. Rundt 9 slott vart teke bilete av, og mykje facinerande historiar vart fortalt. Nærast halvvegs ramla eine hjulet av (innrømmer ein liten overdriving her, men håper det blir forstått at det likevel var litt dramatisk), og me vart ståande nokre timar i vegkanten og venta på ein ny buss. På dette tidspunkt på vår guida tur, skal det seies at me byrja å verte litt lei av å sitte i buss, og litt klare til å returnere heim. Men situasjonen vart redda då gratis whisky vart utdelt medan me venta, og fire glade nordmenn ankom tilslutt Glasgow (dette er utan overdriving). Håpar alt er fint med dåke heime. Skal straks legge ut litt bilete av leiligheita vår.

torsdag 16. september 2010

Siste nytt.

Hei. Ein liten oppdatering. Den siste veka har stort sett gått i: Ein stk. sjuk Signe med betent visdomstann, feber og litt magetrøbbel. Ein stk. Sven på jakt etter nye eventyr i Glasgows dunkle bakgater. Med andre ord, har dei siste dagane vore litt stilleståande. Men så tok Signe det store skritt og gjekk til den skotske tannlege (krevde litt mot, men det gjekk faktisk fint), fekk antibiotika, og me var back on track. Har no flytta inn i leiligheit, og fått ordna eindel praktiske ting rundt det. No forsøker me å opprette ein bankkonto, noko som ikkje er heilt enkelt når ein ikkje er skotsk statsborgar, og ordne med forsikring. Altså, forstatt litt praktiske gjeremål på gang. Leiligheita er forresten liten og koselig, på rundt 40 kvadrat. Ekstra intimt og koseleg er det når me fortida er 4 stk som bur der. Ellers er det jo mykje som er annleis, når me flytta inn igår fekk me ikkje noko varmtvatn og ikkje dusjen til å fungere. Med 3 ingeniørar i hus burde ein igrunn greie seg ganske fint, men etter nokre timar måtte me oppsøke naboar for råd. Naboen kom, lo av oss, og viste at me måtte trekke i ei snor i taket for å få dusjen til å fungere. Kven kunne visst? Så me greier oss, lærer noko nytt kvar dag, og har det igrunn ganske fint. Håpar alt er bra med dåke heime.

fredag 10. september 2010

Leiligheit!

No har me fått ordna oss leiligheit. Ein liten koselig ein, midt i sentrum. Har også vore gjennom største delen av papirmølla, for det å leige leiligheit her, er ikkje berre berre. Det er omtrent som å kjøpe heime, der ein går gjennom eigne meglerfirma. Me får flytte inn om nokre dagar, og ser veldig fram til det. Utruleg godt å få det ut av verden, og så i neste omgang konsentrere seg om jobb. No sit me i ei av hovudgatene, ser ut vindauget på ein cafè, på alle desse menneskene. Merker at storbytilværelsen enda ikkje faller heilt naturleg... det er så hinsides mykje folk, til alle tider, overalt. So I can't help but wonder.. where are they coming from, where are they all going? ..... Ja, er ikkje fritt for at Carrie Bradshaw-kjensla kjem snikande her ein sit :) Ellers har me det veldig fint, igår var me å feirte med Svens medstudentar som også fekk ordna seg leiligheit. Feiringa skjedde på ekte skotsk vis, på "the horse shoe". Herleg.

tirsdag 7. september 2010

Fyrste dag i Skottland.

Så var me her endeleg. Flyttet til Glasgow. Gårsdagens reise kan kort oppsummeres med 2 stressa reisande med tilsaman 6 kolli. Det er nok då ikkje vanskeleg å førestille seg ein litt hektisk dag. Men fram kom me, entra hostelet (og baren), og sovna til vår nye storbys facinerande lydar. Idag har me då stort sett gått omkring for å gjera oss kjende. For å igjen kort oppsummere, sit me igjen med eit bilete av eit sentrum beståande av grå bygningar, eindel regn, og svæt kjekke Glaswegians. For folk her er utruleg hyggelige og hjelpsomme. Angåande leiligheitsprosjektet var vår fyrste plan nok litt optimistisk, der den sånn omtrentleg gjekk ut på å dumpe borti ein utrule koselig, billig og sentral leiligheit. Det skjedde då ikkje, så neste steg har vore å søke opp eindel aktuelle leiligheitar på nettet, så skal me ringe rundt og prøve lykken i morgon. Altid like kjekt med visningar... No skal me sjå Skottland-Liechtenstein-kamp. Har fått tips om ein upåklageleg stemning på visse pubar i området. Ps: Har idag sett 11 menn ikledd kilt. Sålangt ingen sekkepiper, og ingen slott.